Den første fiskekassa av resirkulert plast har rulla ut frå Vartdal Plast sine lokale i Ørsta, skriv NRK Møre og Romsdal.

Bremnes Seashore blir dei første til å ta i bruk fiskekassene. Dagleg leiar Jan Endre Vartdal seier dette er eit prov på at Vartdal Plast ønskjer å vere leiande i utviklinga av nye og sirkulære løysingar, skriv NRK.