Prisen blei overrekt på verdas Miljødag 5. juni på Liaskjæret i Øygarden kommune. Det var klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn og leiar i Vestland Venstre Åsta Årøen som overrekte prisen til Liegruppen.

Liegruppen var samla då klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (t.h) overrekte miljøprisen til reiarlaget. Foto: Kari Østervold Toft

Beste eksempel

I grunngjeving for tildelinga peikar Vestland Venstre på at med «Libas» har Liegruppen levert eit av dei beste eksempla på at dei som næringsutøvarar tek det grøne skiftet på alvor og driv det framover.

Å kutte i utslepp av klimagassar er heilt naudsynt for å stoppe oppvarminga av kloden me bur på. Innovative menneske som dei her i Liegruppen både inspirerer oss og gjev oss tru på framtida, heiter det i ein omtale Vestland Venstre har laga om prisen.

Presenterte båten

Peder Lie og hans folk tok vel imot prisen og gav gjestane frå Venstre ein grundig presentasjon av båten og kva utfordringar dei ser framover.

«Libas» er verdas første fiskefartøy som vert drive av LNG. 23. mars i år la «Libas» med sine 86,1 meter blått og kvitt skrog endeleg til kai ved heimehamna på Lie på Sotra. Skipet er bygd ved Cemre Shipyard i Tyrkia. Allereie ved heimkomsten var regjeringa sitt klimamål om å kutte utslepp med 50 % nådd!

Ulik andre

Planlegginga av båten starta i 2016, då Liegruppen gav Salt Ship design på Stord oppdraget med å utvikla ein fiskebåt ulik alt som tidlegare har vore bygd. Her var det miljø som skulle stå i fokus.

«Libas» er bygd med 350 cum LNG tank, som i lag med ein stor batteripakke vert nytta til framdrift. Den har og vassturbinar i stabilisatortankane som produserer straum når båten ‘rør på seg’.

Enova har bidrege med 7 millionar i støtte til miljøvenleg teknologi om bord i båten

Prisen er eit diplom og blomar. Øygarden Venstre, som nominerte Liegruppen til prisen, gav og eit bilete laga av Heidi Fjell frå Glesvær.