Etter femti år med fangstforbod i Sørishavet, er endeleg bestanden av knølkval på veg opp igjen, melder Havforskingsinstituttet.

- Ei gladnyheit

– Vi ser no store flokkar med kval som igjen er tilbake på sommarbeite i dette området, fortel HI-forskar Bjørn Krafft.

I ein ny vitskapeleg artikkel estimerer forskarar frå HI og British Antarctic Survey (BAS) at over 24.500 knølkvalar no er å finne på sommarbeite berre i havområdet rundt Sør-Georgia og Sør-Sandwich-øyene.

– Dette er ei skikkeleg gladnyheit! Vi ser her at bestanden i det sørlege Atlanterhavet er i sterk vekst, og at kvalane tek tilbake sine tradisjonelle sommarbeite rundt desse øyane, seier Krafft.

Totalt estimerer forskarane at det er over 43.000 bardekvalar av ulike slag på sommarbeite i området – inkludert knølkval.