Fersk statistikk frå SSB, viser at det blei fiska 38.900 pukkellaks på til saman 72 tonn i norske fjordar i den ordinære sesongen i 2021. Det er nær sju gonger meir enn i 2019, melder SSB i ei pressemelding.

Pukkellaks er ein framand art som ikkje er ønskeleg i Noreg, og den vert forvalta med mål om å ha minst mogleg av den. Den har ein toårig livssyklus og kjem tilbake til vassdraga annakvart år.

Fiska mest i Troms og Finnmark

Nesten all pukkellaks blei fiska i Troms og Finnmark, men det blei rapportert fangst av pukkellaks så langt sør som til Rogaland.

Det blei fiska 98 tonn laks i den ordinære sesongen i 2021. Det er 117 tonn mindre enn i 2020, og meir enn ei halvering av fangsten. Laks utgjorde 57 prosent av den totale fangsten dette året. Mest laks blei fiska i Troms og Finnmark, men det har vore nedgang i alle fylka, ifølge SSB.

Nedgangen i fangsten heng saman med dei sterke reguleringane i fisket i 2021. Laksefiske i sjø er inndelt i ti kystregionar og 37 fjordregionar. Det blei ikkje opna for laksefiske med fastståande reiskap i dei ni kystregionane sør for Finnmark, og nokre av fjordregionane vart opna for eit avgrensa fiske. Deler av Finnmark blei heller ikkje opna for sjølaksefiske med fastståande reiskap i 2021, påpeiker SSB.