Havforskingsinstituttet har på oppdrag frå Fiskeridirektoratet levert risikovurderte råd om miljøpåverknad frå dyrking av tang og tare i norske farvatn. Rapporten seier noko om kva slags miljøpåverknad dyrking av tang og tare vil ha på omkringliggande miljø, og er eit ledd i å utvide kunnskapen om akvakultur i forvaltninga.

Det opplyser Fiskeridirektoratet i ei melding torsdag.

Veit for lite

- Med bakgrunn i den aukande interessa for dyrking av tang og tare var det nødvendig med ei samla oppstilling av kunnskapen vi har om mogeleg miljøpåverknad. Vi plikter å ha best mogeleg kunnskap om dette, sjølv om denne form for akvakultur gir generelt mindre miljøpåverknad og skil seg på den måten frå fiskeoppdrett, seier seksjonssjef Mette Remø i Fiskeridirektoratet i meldinga.

Direktoratet peiker på at ein veit til dømes for lite om kva slags risiko store anlegg vil kunne gi, fordi forvaltninga ikkje har erfaring med dyrking i stor skala i norske farvatn.

- Det er viktig å vere merksame på at Havforskingsinstituttet peiker på at vi manglar kunnskap om miljøeffektane frå anlegg som dyrkar tang og tare, seier Remø.

Forskar Kjell Magnus Norderhaug stadfestar at vi har lite kunnskap om miljørisiko ved dyrking av tang og tare i Norge.

- Men det vi veit er at det er generelt mindre risiko enn til dømes fiskeoppdrett fordi tang og tare tar opp næringssalt i staden for å sleppe det ut. I tillegg brukast det i liten grad kjemikaliar og medisinar, og det brukast ikkje fôr slik som med oppdrettsfisk, seier Norderhaug i ein pressemelding frå HI.

Potensielle truslar

Havforskingsinstituttet vurderer likevel miljørisikoen som høg knytt til spreiing av genar og av framande artar, peiker direktoratet på.

Instituttet antar at det utgjer same potensielle trussel som i annan akvakultur. På grunn av denne trusselen og stor usikkerheit, rår mellom anna HI til at det vert satsa på dyrking av lokale stammer eller algar som ikkje kan formeire seg.

– Anlegg som ligg tilstrekkeleg langt frå kvarandre vil kunne redusere risikoen for spreiing av framande artar. Dette gjeld dessutan alle typar akvakulturanlegg, seier Remø.