Ein ny studie frå Universitetet i Agder (UiA) viser at dyr er ein del av ein naturleg prosess som absorberer klimagassutslepp. Det melder UiA i ei pressemelding.

– Det er bra at karbon vert fanga i havet, men mindre klimagassutslepp frå menneske er det som generelt sett er best for klimaet, seier Angela Helen Martin, stipendiat ved Institutt for naturvitskap ved UiA.

Martin og kollegaene hennar har studert korleis fisk, kvalar, skjelpadder, fuglar og andre marine dyr har ein effekt på korleis karbon bevegar seg og vert lagra i havet.

– Dyr får i seg karbon i maten. Deretter vert maten lagra i kroppen. Som igjen vert skilt ut med avføring, eller pusta ut, seier, Angela Helen Martin, stipendiat ved Institutt for naturvitskap ved UiA. Foto: Tonje K. Sørdalen/UiA

- Bra for klimaet

– Dyr får i seg karbon i maten. Deretter vert maten lagra i kroppen. Som igjen vert skilt ut med avføring, eller pusta ut. Avføringa frå nokre fisk og kvalar er næringsstoff som plantar bruker til fotosyntesen. Plantane tek opp karbondioksid og produserer organisk karbon. Og når dyr bevegar seg, kan karbon og næringsstoff bevege seg med dei, seier Martin.

Forskinga veit så langt ikkje om den samla effekten av dyr på karbon i ulike leveområde (habitat) er god, dårleg eller likegyldig for klimaet. Martin seier det kjem an på mengda av gass som vert slept ut i atmosfæren, balansert mot karbonlagringa.

– Det vi veit, er at det er bra for klimaet dersom karbonet blir bunde i havet, veldig bra dersom karbonet går ned i havsedimenta, og dårleg dersom karbonet blir slept ut i atmosfæren, seier ho.