Mattilsynet tar jamlege prøver av blåskjel og algeprøver på faste stader langs kysten, som Havforskingsinstituttet analyserer. Resultata går inn i det offentlege blåskjelvarselet, som fortel om skjel frå ditt område er trygge å ete.

Nervegift og diarégift

Prøvetakingsstasjonar i området frå Øygarden til Fjaler er for eksempel råka i dei siste målingane i mai, melder Havforskingsinstituttet.

– På fleire stader finn vi no både nervegifta PST og diarégifta DST i skjel. Den første er ganske standard for årstida, men diarégifta er som regel meir aktuell om hausten, fortel havforskar Lars-Johan Naustvoll i ein artikkel på Havforskingsinstituttets nettsider.

Våroppblomstringa kom seint

Naustvoll seier at artane kjem ikkje i den vanlege rekkefølga i år.

– Den årlege våroppblomstringa drygde og drygde, og kom aldri heilt ordentleg i gang. I staden fekk vi ein del «rask» som vi normalt ventar om hausten. Deriblant den vesle diarégivaren Dinophysis, seier han.

Forskaren fortel at ein også har dei heilt vanlege vår-problema med nervegifta PST på Vestlandet og Nordover.

– Den er det Alexandrium som produserer, ein alge av typen fureflagellat. Dette har halde på sidan april, og plar normalt sett å ta slutt i løpet av mai, seier Naustvoll.

I moderate mengder gir PST prikking i huda på leppene og rundt munnen. I svært alvorlege tilfelle kan gifta lamme pustemuskulaturen. Då treng pasienten respirator.

Kalkalger i Hardangerfjorden

I år var kalkalgeoppblomstringa ein månad før tida i Hardangerfjorden. Denne algen gjør sjøen «mjølkeblå». Sjølv om den er harmlaus, kan den vere til bry, skriv Havforskingsinstituttet.

Den gir elendig sikt for dei som likar å dykke, og kan også gi dårleg fiske.

– Vi har mange rapportar frå fiskarar som tilseier at fisk trekker ut av fjorden. Det er nok også på grunn av sikta. Fiskane jaktar i hovudsak med synet, seier Naustvoll.