Fiskebåt skriv på sine nettsider at dei rår Stortinget til å avstå frå å gi årlege tildelingar for vindkraft til havs.

Grunngivinga for årlege tildelingar er å gi havvindnæringa og leverandørindustrien ein langsiktig heimemarknad, samtidig som omsynet til sameksistens og miljøinteresser blir varetatt.

Fiskebåt på si side er kritisk til dette.

– Innfører ein årlege tildelingar no, vil det binde Stortinget til ei framtidig storstilt utbygging av havvind, sjølv om det i løpet av dei komande åra kan kome kunnskap som tilseier at ei omfattande utbygging, vil vere øydeleggande for havmiljøet, økosystema og fiskeria i Norge.

Det skriv Fiskebåt i eit brev til politikarane i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget. Dei rår komiteen til å ikkje gå inn for ei førehandsbestemt årleg tildeling av vindkraft.