Fiskeridirektoratet opplyser på sine nettsider at dei arrangerer webinar 15. juni. Tema er korleis avlusingsmiddel kan påverke hummaren.

På raudlista

«I dette arrangementet vil vi setje fokus på at hummaren peikar seg ut som spesielt utsett for å ta skade av legemidla oppdrettsnæringa bruker til behandling mot lakselus. Kunnskapsgrunnlaget viser at hummaren er ein av dei mest sensitive artane for avlusingsmidla som er i bruk i dag, noko som inkluderer både bademiddel og fôrbaserte middel», skriv direktoratet i melding på sine nettsider.

Det som gjer dette til eit ekstra aktuelt tema, er at hummaren i fjor hamna på Artsdatabankens raudliste. Der har han fått status som sårbar, i tydinga høg risiko for å døy ut frå norsk natur, viser direktoratet til.

Program:

  • 9.30 – 9.40: Introduksjon av temaet for seminaret. Fiskeridirektoratet.
  • 9.40 – 10.00: Hummarbiologi. Havforskingsinstituttet.
  • 10.00 – 10.15: Negative effektar på hummar frå bademiddel mot lakselus. Havforskingsinstituttet.
  • 10.15 – 10.30: Negative effektar på hummar frå fôrbaserte avlusingsmiddel. Havforskingsinstituttet.
  • 10.30 – 10.45: Risiko knytt til effektar på hummarbestanden ved bruk av legemiddel i fiskeoppdrett. Havforskingsinstituttet.
  • 10.45 – 11.00: Erfaringar frå tilsyn og utvikling av tilsynet i tråd med ny kunnskap. Fiskeridirektoratet.
  • 11.00 – 11.15: Foredragshaldarane svarer på spørsmål sendt inn av publikum.