Totalt har me så langt i år eksportert ca. 100.000 tonn meir enn i fjor, men med eit eksportprisfall på laks og torskefisk mellom 13-18 prosent så ser me naturleg nok eit verdifall totalt. Totalbiletet så langt i år framstår truleg likevel betre enn det ein frykta ved inngangen til året.

. Kay Ove Hafsås, økonom/rådgiver i Fiskebåt. Foto: Odd Kristian Dahle

Kvoteaukar, auke i smitte og nedstengte samfunn ved inngangen til året, gjorde at ein frykta at marknaden ikkje ville kunne handtere den volumauken ein sto ovanfor sjølv om prisane var på veg nedover.