OM SKRIBENTEN

Knut Vadla er småbrukar, lærar og blåskjelldyrkar

Alt levande liv på vår klode har sitt livsmønster. Men det er berre menneskja som har ete frukt av kunnskapens tre, og fått evner til å setja si grådighet i system. Eit for oss nært døme på dette er fisken i havet, som har vore og er det norske folks eigedom. Det var for fisken folk busette seg langs vår langstrakte kyst. Seinare var fisken deira levebrød og deira rekreasjon.

Knut Vadla Foto: Privat

Men for få tiår sidan tilrana ei håndfull trålreiarar seg bruksretten til halvparten av desse ressursane, ressursar dei ikkje eig. Stortinget proklamerar at fisken framleis er folkets eigedom. I dag sit mange av desse trålreiarane som mangemilliarderar; mens prosessen framleis pågår for fullt.

Snart er heile det norske folk avskorne frå eigne ressursar. Når så livsgrunnlaget er borte, blir også folket borte. Heile vår kystkultur blir utradert.