I debatten om vindkraft ytrar mange eit krav om at det ikkje bør byggast nokre nye vindkraftverk på land, fordi det gjer for store inngrep. Mange stader er det også tilfelle. Det er klart at styresmaktene har hatt for svake krav til kor ein har fått lov til å etablere vindturbinar, og me ser resultata av dette nå.

Verdifull natur

Til dømes er det i Bremangerlandet vindpark planlagt vindturbinar midt i eit viktig fugletrekk, og på Stadtlandet vil utbygging av vindkraft gjere inngrep i viktige naturtypar som kystlynghei og myr.