Då det var den verkelege starten på eit av dei mest spektakulære undervisningsemna i Universitetets historie.

Amund Måge, Marin direktør UiB Foto: Privat

Berre dagar etter folkefesten på Marineholmen då vi feira 75 års jubileum med hyllest til realfag med vekt på det Marine, la Statsraad Lehmkuhl ut på si ferd frå Valparaíso i Chile.

Skuta sette kurs vestover mot ikoniske stader som Tahiti, Cook Island, Fiji. I slutten av august tar andre overtar skipet i Palau.

Vår tur

Det spesielle for Universitetet i Bergen er nemleg at det på mange måtar er vår tur, vi har chartra skipet som ein del av jordomseglinga One Ocean Expedition og har 89 studentar om bord som no er i gang med kurset SDG 200 under leiing av professor Katja Enberg.

Studentane kom seg gjennom alle passproblem, og koronatestar og det var berre to som ikkje hadde fått bagasjen då Statsraaden la frå kai. Dette vart og takla fint i fylgje byssetelegrafen.

Studentane er både medseglarar om bord i Lehmkuhl, og samstundes Universitetsstudentar med vekt på berekraft i høve til samfunn, klima og havets ressursar. Vi trur at dette vert ein av dei sterkaste alumnigruppene UiB er med å fostre i og med at her vert det samarbeid både på fag og praktiske gjeremål – og ikkje minst eit tett og krevjande samliv.

Studentar frå UiB på «Statsraad Lehmkuhl» med professor Katja Enberg. Foto: UiB

Ikkje for alle

Nesten fire månader i hengekøye er jo ikkje for alle. Ifylgje kapteinen sin rapport frå 23. mai går sjølve seglinga litt seint vestover i passatvinden og i tillegg til studiar er det segling, rustpikking og måling på gang.

UiB har ein lang fagleg tradisjon i Stillehavet og når skipet kjem til Fiji, fell dette saman med oppstart i eit stort felles prosjekt mellom University og South Pacific (USP) og UiB. Ei utlysing på 25 marine doktorgradsstipendiatar innan ulike tema med felles rettleiing mellom Bergen og Stillehavet, er akkurat opna.

Prosjektet er leiar av Professor Edvard Hviding frå UiB og er også ein del av den kompetansebygginga for framtida vi får vere med på. Skipet er på Fiji når FN sin andre store havkonferanse held på i Lisboa.

På den første havkonferanse i New York i 2017 vart nettopp prosjektet på Fiji ein såkalla ‘commitment’ frå UiB og vi har hatt eit felles professorat ved USP etter det. Vi vil prøve å kople opp ei sending frå skipet til Havkonferansen i Lisboa for å samle desse trådane.

Studentar på «Statsraad Lehmkuhl». Foto: Hanna Thevik

Krevjande forsking

I tillegg til undervisingsdelen er skipet i eit stort samarbeidsprosjekt med mange aktørar i Bergen, og under leiing av Havforskingsinstituttet er det utrusta til å verta eit tilnærma fullt forskingsfartøy for denne 18 månader lange jordomseglinga.

Undervegs vert geofysiske data registrert, det er ekkolodd for å studere fiskebestandar, det er måling av forsuring, moglegheiter for prøvar til mikroplast og så bortetter. Dette gir data til masterstudentar som er med på etappar undervegs i tillegg til undervisninga.

Men vi ser også at vi møter utfordringar når vi «skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um».» for å sitere diktaren Olav H. Hauge. Det er nemleg krevjande å få løyve til å driva forsking og datainnsamling i andre sine farvatn og truleg må instrumenta vera skrudd av i visse område, dessverre.¨

«Statsraad Lehmkuhl» Foto: Ingrid Wollberg

Havbyen Bergen

Jordomseglinga har fokus på berekraft. Vindkraft er bokstaveleg tala i vinden og i tråd med dette er jo sjølve framdrifta med segl vindkraft lenge før berekraft vart eit omgrep. I tillegg er det installert elektrisk framdrift på skipet i tillegg til dieselmotor og segl.

Og, ja, det blir laga eit klimarekneskap for seglasen som tar omsyn til at det vil vere på og avmønstring av vert- og medseglarar og utan eit visst klima-avtrykk let det seg ikkje gjere.

Så er det berre å vone at den samarbeidsvilje og stå-på vilje ein har sett i dette prosjektet no går vidare i Havbyen Bergen prosjektet som også i mai 2022 har sitt konstituerande møte etter mange års førebuing.

Koplinga her vert blant anna at når Statsråden klappar til kai i Bergen i april 2023 vil velkomsten vere fest og fanfare og ei havveke basert på vitskap og erfaringar.

Kanskje vi også skulle tenkje på om deler at Universitetet til Havs kunne repeterast, likevel utan at det måtte skje gjennom ei jordomsegling?