Ein grundig FN-rapport «IN DEAD WATER» frå 2008 fastslår at trål er verre enn summen av alle andre fiskereiskap.

Trålen pløyer opp botnen og øydelegg reva, husa til fisken, som det tek opp til fleire hundre år å byggja opp, den drep ned yngel og småfisk etc. etc.

Rapporten tilrår derfor FN å gå inn for globalt forbod mot trålfisket.

Den trålfanga fisken er i stor utstrekning fanga i fiskens barnehage, og er fylgjeleg i gjennomsnitt berre vel halvparten så stor som han blir då han kjem under kysten for gyting ‘og blir fanga av sjarkflåten.

Med betre forvaltning av havet, passive fiskereiskap og meir miljøvennleg fiske ville me kunna ta på land langt meir fisk enn me gjer i dag.

Det heiter at «målet helliger midlet». I 1951 innførte Regjeringa trålfisket igjen i Norge for å skaffa råstoff til heilårsdrift i fiskeindustrien.

Staten betalte dessutan nærast både båt og reiskap for dei som ville satsa på trål.

Fisk var det på dette tidspunktet nok av. Men då ressursane avtok, og det blei innført kvotar, og blei rift om desse, kom ein glup trålreiar som ville slutta, på at han ville prøva selja den store verdfulle kvoten han hadde til låns av fellesskapets ressursar.

Slik gjekk det til. Ingen «stat» reagerte. Og fiskarane hadde ingen fagforening som tok seg av slike saker. Trålreiarane hadde fått ein fot innafor. Når det gjekk an å kjøpa e i n kvote, gjekk det vel å kjøpa fleire. Og VIPS, såleis blei store fiskeressursar samla på få hender og norske oligarkar skapte.

I dag disponerar den havgåande flåten minst femti prosent av dei norske fiskeressursane. Og denne fisken sender dei i det alt vesentlege frosen til bearbeiding i utlandet. Dei har eigentleg ikkje bruk for kysten.

Slik gjekk det altså med trålfiske som blei innført for å skaffa heilårleg råstoff til den norske fiskeindustrien, då trålreiarane fekk styra seg sjølve.

Det er viktig å merka seg at den illegale prosessen som trålreirane sette i gong, med kjøp og sal av kvotar, har forplanta seg til sjarkflåten, og pågår framleis for fullt. Nå er turen komen til samlekvoten, den resten av fisken som småsjarkane ennå deler på. Denne blir etter kvart samla opp til større kvotar på større sjarkar.

Snart vil ranet vera fullført og all fisk samla i rause kvotar på eit fåtal større og mindre båtar, på bekostning av allemanns-retten til det norske folk.

Kjøp og sal av kvotar har sjølvsagt fordyra fisken for forbrukar kolossalt.

Masse folk langs kysten har allereie mista livsgrunnlaget eller deler av det, spesielt i nord. 29 kommunar har mista all villfiskindustri mellom 2004 og 2018. Ni kommuner har mista alle fiskemottak, og mange kommunar har fått færre mottak.

Vår langstrakte kyst blei i si tid befolka av tusenvis av fiskarbønder som har opparbeidd seg tusenårig bruksrett til å hausta av havet. Dette folket har under skiftande kår henta heile sitt levebrød frå dei ressursane jord og fjord kunne gi.

Heile denne kulturen er langt på veg til å bli utradert.

Like opp til 1980-talet stod fisken for ca. 80 prosent av norsk eksport.

Norsk fiskeripolitikk har vore ein katastrofe for kysten og heile vår nasjon, spesielt for fiskarar og fiskeforedlingsbedrifter i Nord Norge. Havressursloven er ikkje fylgt.

Mange, som Steinar Eliassen i Fiskekjøpernes forening meiner at trålarflåten bør avviklast. Råstoffet må koma kysten og lokal industri til gode.

Kvoteprisane stengjer ubemidla ungdom ute frå næringa.

Staten må i demokratiets namn, ta tilbake styringa med fiskeressursane.

Kjøp og sal av kvotar må definitivt avviklast.

Når det er sleppt dit det er i dag, må staten utløysa kvotane.

Betre kan det ikkje gjerast for land og folk.

Dette vil kosta, men svært lite mot å la det skura til evig tid.