I siste nummer av Fiskeribladet hevdar stortingsmann André Skjelstad (V) at EØS er avgjerande for fiskerieksporten. Veit han ikkje at fiskerieksporten er regulert av handelsavtalen frå 1973, medrekna «fiskeribrevet»?

Leiv Olsen, styremedlem Rogaland Nei til EU Foto: Privat

Rett nok har EØS-avtalen ein tilleggsprotokoll om kvotar og tollsatsar for fiskesal mellom landa. GATT-reglane om toll gjeld òg. Men dei særlege vilkåra for fiskeeksporten står i handelsavtalen frå 1973.

Den avtalen blir regelmessig oppdatert, sist i 2016. I den siste oppdateringa står det: «Særbestemmelsene som gjeld for innførsel til Den europeiske union av visse fiskeslag og fiskevarer med opphav i Norge, er fastsett i denne protokoll og i vedlegget til protokollen.»

Dei står med andre ord ikkje i EØS-avtalen, men i ein tilleggsprotokoll til handelsavtalen frå 1973, og den avtalen vil gjelda også om EØS-avtalen blir sagt opp. Noko som seinast blei bekrefta av NHO-direktør Tore Myhre på konferanse i Stavanger 27. mai i år.

Marknadssituasjonen er viktigare enn dei minimale tollsatsane. Når det gjeld fisk, er det seljars marknad, og då er det kjøpar som blir ramma viss tollsatsane aukar.

Om Norge seier opp EØS-avtalen, vil det ikkje endra på vilkåra for fiskeeksporten. Me vil neppe merka nokon forskjell.

Folk skal visst ikkje vita at me har to handelsavtalar med EU, både handelsavtalen frå 1973 og EØS-avtalen, og at den gamle handelsavtalen gjeld den dag i dag — den er aldri sagt opp. Dei som vil, kan sjølv sjekka dette ved å gå inn på lovdata.no:

Avtale mellom Norge og Det europeiske økonomiske fellesskap (EF), datert 14.5.1973 kan lesast her.

Tilleggsprotokoll til Avtalen mellom Norge og Det europeiske økonomiske fellesskap, datert 3.5.2016, kan lesast her.

Er det for mye å håpa at EØS-tilhengarar skal halda seg til saklege argument? Skal ein tru dei, er EØS-avtalen årsak til alt som er godt i Norge. Det neste blir vel at me kan takka EØS-avtalen for sola og godveret.