13–15 november skal Norges Fiskarlag ha landsmøtet sitt for 2013. Det blir ein liten milepæl, då formann Reidar Nilsen skal takke av, og gjere plass til etterfylgjaren sin.

Jungeltelegrafen peikar på to namn; Kjell Ingebrigtsen og Kåre Heggebø. Gode, solide personar med lang røynsle både i fiskebåten og organisasjonsapparatet.

Øystein Sandøy i Sjøvær Havfiske AS Foto: OLE ERIK KLOKEIDE

Landsmøtet i 2001

Reidar Nilsen kan sjå attende på 12 år i formannsstolen. Han kan gjere det med glede, tilfredsheit, og i den tryggaste forvissing om å ha gjort ein flott jobb. Å aksle formannstrøya i 2001 var så visst ikkje noko verv å trakte etter.

Norges Fiskarlag hang i taua, skamslege og groggy etter årevis med opprivande ressursstrid. Det var ei vond soge om bror mot bror, kyst mot hav, nord mot sør. Kort sagt; alle mot alle, og arenaen var vårt eige faglag.

Etter at landsmøtet i 2001 heldigvis hadde vedteke framlegga frå det no nærmast helgenkåra Ressursfordelingsutvalet, var tida inne til å finne Oddmund Bye sin etterfylgjar. Den som peikte seg ut var Reidar Nilsen.

Viktige eigenskapar

Kvifor det? Hadde han noko meir å fare med enn andre potensielle kandidatar? Ja, han hadde det. Ein ting var hans solide innsats i nemnde utval, men vel så viktig var sjølve personen Reidar. Kantsliparen, lækjaren, brubyggjaren og–ikkje minst–humoristen.

Alt dette var eigenskapar som sårt trengdest når Norges Fiskarlag skulle gjenreisast, og heldigvis er det slik at «when the time is right, the man will come». Laget trengde ikkje ein steil kamphane.

Det vi måtte ha var ein som kunne forbinde sår, byggje bru, gyte olje på opprørt hav og samstundes gje utvitydig beskjed: «Her er tauet, karar! No skal det dragast i EIN retning, og målet er den norske fiskar sitt velbefinnande».

Reidar Nilsen har meistra oppgåva med bravur. Hans gode vilje, trygge ro, lune veremåte og fabelaktige humor har vore uvurderlege eigenskapar på vegen fram mot eit gjenreist fiskarlag. Hans evne til å legge fram synspunkt med ei uforlikeleg blanding av fagleg tyngde og avvæpnande humor har vore eit eineståande aktivum for Norges Fiskarlag.

Truverdig framtreden

Sjølvsagt har han ikkje alltid nådd fram. Ingen formann gjer det på vegner av organisasjonen sin, men hans truverdige framtreden har i dei aller fleste tilfelle teke oss så langt som det der og då var mogeleg.

Eg har sjølv hatt gleda av å møte Reidar og fru Ragnhild i ulike samanhengar, og gledd meg som eit barn til takk-for-maten–talene hans, og ledd på meg urinlekkasje av historiene og replikkane hans.

Legendarisk her hos oss er historia han fortalde om gjengen i Hasvik som reiste til Hammerfest for å kjøpe fødselsdagsgåve til ei kone i nabolaget. Etter mykje om og men og akkedering kom dei att med nye kjøkkengardiner til henne. Dei ville gjerne leggje ved eit lite skriv på rim, men så var det å finne noko som rima på «kjøkkengardiner». Det var alt anna enn lett, og det enda med at ein av dei blæs ut sin frustrasjon med orda: «Æ sa det til dokker! Vi skulle ha kjøpt duken».