Det gir ein eksportverdi per kilo på i overkant av 42 kroner. I tilsvarande periode for 2019 var det eksportert 233.000 tonn torskefisk til ein eksportverdi kring 8,92 milliard kroner. Det gir ein nedgang i volum på nesten 9 prosent så langt i år samanlikna med i fjor, men ein oppgang i verdi på ca. ein halv prosent.

10 prosent høgare

Eksportverdi per kilo er følgjeleg knappe 10 prosent høgare i 2020 enn i 2019. Det kan ein for torskefisken i all hovudsak takke den svake krona for. Justert for valutaeffektar forklarar den svake krona heile oppgangen i eksportverdi per kilo for eksporten av torskefisk så langt i 2020

Eksportverdien for torskefisk stig likevel marginalt hittil i år, noko som trass alt er positivt i særs utfordrande tider. Korona skapar likevel utfordringar for volum av årsaker som er belyst ved fleire høve tidlegare, herunder gjennom tiltak for å hindre smitte og utfordringar kring marknadstilgang. Etter at samfunna blei opna noko meir opp har smitteutviklinga tatt seg opp fleire stadar.

Det er difor grunn til å tru at situasjonen ikkje vil betre seg noko særleg framover, og me blir ikkje nemneverdig overraska om enkelte land/regionar vil måtte lukke ned ytterlegare i ei eller anna form utover hausten.

Det vil truleg kunne medføre ei viss innstramming på forbruket att også hjå konsumentane. Volumutfordringar resten av 2020 for torskefisken sin del verkar difor sannsynleg, og då kanskje særskilt for produkta i dei høgaste prisklassane og for dei produkta med minst haldbarheit.

Gode nyhenda

Den gode nyhenda er at den norske krone-effekten sannsynlegvis vil stimulere eksportverdiane for resten av 2020 også. Så til tross for visse volumutfordringar framover vil truleg eksportverdi per kilo halde seg bra oppe sidan den norske kronen i snitt truleg vil halde seg over 10 prosent svakare mot dei viktigaste eksportmarknadane enn det me såg i fjor.

Ei eventuell ny koronabølge er heller ikkje positivt for den norske krona, så ytterlegare innstramming for å få bukt med viruset og forverra marknadsforhold burde isolert sett også medføre ei ny runde med svekking av krona. Dersom marknaden forverrast ytterlegare av korona og koronatiltak utover hausten kan ein difor forvente at svakare krone vil dempe/kompensere noko av dette.

Når det gjeld pelagisk er det meir glade dagar. Korona bit tydelegvis mindre på pelagisk fiskeri. Til tross for stabil volumutvikling sidan i fjor på kring 360.000 tonn er eksportverdien opp over 20 prosent til 4,4 milliard hittil i år.

Også pelagisk får stimulansar av ei svakare krone, og valutajustert eksportverdi per kilo indikera at knappe 40 prosent av oppgangen kan tilskrivast kronesvekkinga. Eksportutviklinga innan pelagisk er difor i større grad drive av positivt driv i etterspurnaden, og det er ei utvikling me ventar vil fortsette også vidare utover hausten.

Makrell har hatt ei gunstig eksportutvikling, opp 14 prosent både på volum og verdi sidan i fjor. Silda har hatt ein volumnedgang på knappe 2 prosent, men opplever likevel ein verdiauke på ca. 28 prosent i 2020. Til tross for høgare makrellkvote i 2020 og visse utfordringar for augneblinken i eksporten til Kina ventar me likevel at marknaden skal ta dette volumet greitt unna under hovudfisket seinare i år. Dog må ein truleg forvente noko lågare pris enn det me såg i fjor målt i dollar og euro, men svak krone vil truleg kompensere for mesteparten av dette.

Pelagisk fisk som rimeleg konsumalternativ med god haldbarheit og rekordhøge prisar på fiskemjøl/olje for det som ikkje går til konsum, har gitt eit veldig godt år så langt for pelagisk sektor. Så korona til tross, det går truleg mot eit rekordår for eksportverdiane innan pelagisk i 2020.

Korona vil prege

Korona vil prege sjømatnæringa sterkt også framover, og marknadssituasjonen vil vere krevjande og uoversiktleg i lang tid. Når året skal summerast opp om knappe fem månadar kan likevel eksportverdiane for torskefisk vise eit rekordår, noko utviklinga så langt i 2020 har gitt ei viss von om. Eit sånt utfall, til tross for dei utfordringane ein fekk dumpa i fanget i mars i år, må seiast å vere bra og sannsynlegvis betre enn frykta. Det kan ein hovudsakeleg takke ei betydeleg svakare krone for, samstundes som næringa sjølv har omkalfatra det ein kan for å møte dei utfordringane ein har stått ovanfor.

2021 kan bli ei anna historie. Då vil truleg kroneeffekten glimre med sitt fråvær. Ein auke i eksportverdi i 2021 må difor kome frå etterspurnadssida. Det vil utvilsamt bli lettare dess raskare verda får bukt med korona slik at samfunna kan tilnærma seg normalen me kjente til pre mars 2020. Særleg når me veit at 2021 skal møtast med auka torskekvotar på toppen. Dess før, jo heller.