Laurdag den 1. februar hadde eg gleda av å få full omvising om bord i nye «Atlantic», og å vere til stades ved dåpen seinare på dagen. Gudmor Torill Vedeld Hoddevik sende champagneflaska i skutesida med gode ynskje om hell og lukke på alle hav.

Utenkjeleg for få år sidan

For ein som driv, og er medeigar i ein over 30 år gamal båt står fram «Atlantic» nesten som science fiction. Storleik, kapasitetar, alternativ driftsmåte, tekniske løysingar, og ikkje minst nyvinningane innanfor miljø og låge utslepp er på eit nivå som berre for få år sidan var utenkjeleg.