Slik er det også i saka om kven som skal kunne drive fiske i Norge og korleis me skal sikre fiskeriressursane på norske hender. Sandberg har gjennom eit vedtak om dispensasjon (Klo-saka) opna for at fiskeindustrien kan ha fiskekvoter. Dette har fleirtalet på stortinget sagt tydeleg at ein ikkje ynskjer.

Sandberg er på byråkratisk vis oppteken av at det er eit skille mellom nasjonalitetskrav og aktivitetskrav. Det kan han ha rett i om ein ser på rettssituasjonen i dag. Senterpartiet er ikkje opptekne av å drive byråkratisk argumentasjon i dag slik Sandberg og Frp gjer. Me er opptekne av å sikre norsk eigarskap til fisken for framtida. Aktivitetskravet og nasjonalitetskravet er på kvar sin måte to ulike vern for norsk eigarskap.

Skal me lukkast med å sikre norsk eigarskap til fisken kan me ikkje ta nokre sjanser no. Om me slår ring om at berre aktive fiskarar kan ha kvoter, vil det gje ein ekstra tryggleik for at fisken vert på norske hender. Opnar me for at industrien kan eige kvoter, kan eigarskap fort bli utvatna og vanskelege å halde oversyn med. Sandberg driv eit farleg spel med den norske fisken.

Eg lever godt med skuldingane frå Sandberg, men skilnaden er at der Senterpartiet let tvilen koma «det norske folk sitt eigarskap til fisken» til gode, så er Sandberg på «kapitalen og venturefonda» si side. Så enkelt er det: Politikk handler om å velja, ikkje om å dela ut politiske ørefiker.