Regjeringspartia har no fått med seg Ap og KrF på å greie ut mellom anna grunnrenteskatt og andre avgifter for oppdrettsnæringa.

I dag er det slik at 80 prosent av det oppdrettsnæringa betaler for vekst og nye konsesjonar går til kommunane og fylkeskommunane som har oppdrett. Desse midlane vert betalt inn til eit havbruksfond og fordelt ut igjen etter kor mykje oppdrett det er i dei einskilde kommunane.

Dette er ei gunstig og rettferdig ordning for kystkommunane. Kommunane der oppdrettet skjer, må etter Sp sitt syn ha noko att for å gje oppdrettsnæringa areal.