Ho får motbør av Steinar Eliassen, leiar av Fiskekjøperes foreining.

Leiv Olsen, styremedlem Rogaland Nei til EU Foto: Privat

Han seier at bortsett frå reker er det ikkje nemneverdig toll på dei viktigaste norske fiskeslaga. Det viktige er ikkje kva Alnes skriv, men kva ho ikkje skriv:

1) Alnes hoppar elegant over hovudprinsippet for all fiskeimport: dei autonome satsane (normalt 0-toll) som EU alltid nyttar. Sidan det er enorm underdekning av fisk både i Storbritannia og EU, har tollsatsar ei einaste verknad: fisken blir dyrare for forbrukarane og for dei som produserer fiskemat. Professor Robin Churchill (Dundee University) skriv i sin doktorgradsavhandling (EC-fisheries Law, 1986, s. 234) at unntaka frå GATT-bindingslistene er så hyppige at det ikkje er mogleg å gi att dei i avhandlinga.

2) Alnes nemner ikkje marknadsøkonomiske analysar som slår fast at i seljars marknad må kjøparen dekka tollen. Annleis med kjøpars marknad, der må seljar dekka tollen. Portugisiske og spanske kjøparar som støvsugar marknaden bekreftar at det er seljars marknad som rår.

3) Alnes har utelate grunnprinsippet med omsyn til toll i GATT-avtalen — bestefarklausulen: tollfridom eller preferansar som er innrømma i eit handelsregime — f.eks. frihandelsforbund eller tollunion — held fram også etter at eit land trekker seg ut av tollunionen. Mengda fisk dannar då grunnlaget for kor stor kompensasjonskvoten blir.

4) Alnes unnlét å fortelja om Norges preferansetoll for handel med fisk og fiskeriprodukt med EU. Skal vi tru på Alnes at tollen er alfa og omega, vil den høgare tollen for Norges konkurrentar gjera det omtrent uråd for land som Russland, USA, Chile å selja fisk til EU.

5) Alnes hoppar over at samhandelen mellom EU og Norge ligg under GATT-regulering også der alle andre bilaterale avtalar blir skrota, sjå Kompensasjonsavtalene av 1995, 2004 og 2007, som bygger på Generalavtalen for handel og toll (GATT), særleg Artikkel XXIV (5).

6) Alnes overser at Ystmark, direktør for Sjømat Norge, i eit intervju i Fiskeribladet 2020 bekrefta påstanden til professor Trondsen om at tollregimet i EU ikkje er det største problemet, men lønnskostnadane.

Det er patetisk at Alnes klagar over tollproblemet når oppdrettseigarar som John Fredriksen og Gustav Witzøe legg seg opp milliardformuar. Kor er «lakseberget» som skal vera resultat av EU-tollmuren?