Fiskeribladet er urolege for konfliktnivået mellom dei som samlar inn seismikk og sildefiskarane, og vidare mellom havvindindustrien og fiskeri.

Me er samde med Fiskeribladet i at aktivitetsnivået kan ha konsekvensar for konfliktnivået.

Etablering av spelereglar

Systematisk arbeid for å unngå konflikt er viktig. Norsk olje og gass har saman med Norges Fiskarlag etablert retningsliner som har som mål å redusera konfliktnivået. Etablering av spelereglar og dialog mellom aktørane må til dersom me skal få det til saman

Fiskeri inkludert sildefisket og olje- og gassnæringa er to viktige næringar, det er noko av grunnen til at det er reglar for når ein får samla inn seismikk.

Fagsjef areal og leting i Norsk olje og gass, Turid Øygard. Foto: Privat

Det er berre etter at gytesesongen er slutt mot sommaren næringa får samla inn seismikk, og då skal det takast omsyn til pågåande fiske.

Kvar innsamling vert nøye planlagt og med råd frå HI og Fiskeridirektoratet søker ein finna luker der seismikkinnsamlinga ikkje kjem i konflikt med pågåande fiske.

I tillegg er fiskerikyndig med på innsamlinga for å ha dialog dersom ein møter fiskarar under innsamlinga. Det kan vera krevjande å finna dagar der det både er godt nok vær og ikkje fiske i områder med mykje fiske i sesongen der ein får samla inn seismikk.

Meir fornybar kraft

Norsk olje og gass er heilt samde med Fiskeribladet om at Europa treng meir fornybar kraft, og vi arbeider med løysningar som havvind og hydrogen for å produsera slik kraft. I tida til ein har fornybar kraft på plass treng Europa olje og gass.

Europa spør etter meir olje og gass enn det Noreg kan levera. Noreg har vore og bør fortsetja å vera ein påliteleg leverandør av olje og gass til Europa, spesielt nå når gass-leveransane frå Russland ikkje er på plass.

Det er heilt rett observert at det vert krevjande å få til gode løysingar mellom fiskeri og havvind.

Det er grunnen til at me nå har etablert ei arbeidsgruppe mellom havvindnæringa, Norges Fiskarlag og Fiskebåt som skal sjå etter løysingar på problemstillingane som kjem. Havet er ikkje for ei næring, og framover vert det endå viktigare å finne gode løysningar saman, slik at me kan fortsetja å leva og skapa verdiar for landet vårt.