Dette kom noko uventa, sjølv om vi viste at han hadde vore alvorleg sjuk ei tid. Oddmund var lite med del som om sjukdomen, han ville ikkje bekymre andre med sine problem. Dette var noko som kjenneteikna Oddmund, han stakk ikkje seg fram, det sytte han for at andre gjorde.

Eg vart godt kjent med Oddmund igjennom arbeide hans som sekretær i Sogn og Fjordane Fiskarlag i tida 1995–2018. Vi fekk raskt møte ein person som ikkje såg på klokka når det var saker som skulle forberedast og handsamast.

Var det noko som stod på, så var det ikkje spørsmål om det var laurdag eller søndag når andre hadde fri, då var han på kontoret og ringde gjerne nærmast kva tid det var på døgeret.

Slik var han for dei fleste fiskarane ei kjelde til inspirasjon.

I den tida eg var Leiar av Sogn og Fjordane Fiskarlag så har eg uendeleg mykje å takke Oddmund for. Han var tilretteleggjar og gjorde dermed våre jobbar som tillitsvalde mykje enklare.

Skulle vi til Oslo og snakke med stortingsfolk eller statsrådar så lagde Oddmund til små permar som viste kva vedtak som Sogn og Fjordane Fiskarlag hadde vedteke i dei sakene som vi skulle diskutere. Det at kvar enkelt av dei vi møtte fekk kvart sitt eksemplar som dei kunne lese etter at vi var reist heim, gav dei vi møtte ein lettar jobb for å sette seg inn i sakene og når vi følgde dei opp.

Det same gjorde han når vi skulle diskutere med Fiskeridirektoratet. Dette sette dei pris på. For her var info om kva blant anna lokallaga hadde meint, slik at det vi tok opp var grundig dokumentert.

Noko anna som kjenneteikna Oddmund sitt arbeid var hans store innsats for å få ungdomen inn i Norges Fiskarlag. Det at han snakka med mange av ungdomane enten det no var på Måløy Vidaregåande eller om bord i fiskebåten eller på telefonen, så var bodskapen den same.

«Vær med å skap dykkar eige framtid» på denne måten så fekk han ungdomane med på årsmøta i Fylkeslaget, landsmøte i Trondheim og han stimulerte dei til å kurse seg i organisasjonsarbeid blant anna. Og kunne ikkje den eine, så ringde han til ein annan og på den måten så arbeide han utretteleg.

Mange av disse er i dag å finne att innfor Sogn og Fjordane Fiskarlag og i Norges Fiskarlag sitt landsstyre.

Oddmund var også ein pådrivar for at vi måtte inn i ungdomsskulane å fortelje om organisasjonen Norges Fiskarlag og det å vere fiskar. Dette har bore store frukter, i dag er det kamp om å komme inn på fiskeriutdanning ved Måløy Vidaregåande skule som vel er vorte av dei fremste i lande, kven skulle trutt det på 1990-talet.

Ord vert likevel fattige når vi skal omtale Oddmund, han viste ei omsorg for andre som var unik. Det var ikkje få han sende blomster helsing når noko stod på og elles til julehøgtid.

Med disse orda så vil eg lyse fred over hans minne.