Under Arendalsveka i år fekk eg høve til å leie eit UiB-seminar om korleis vi kan hauste meir mat frå havet. Dette er eit brennheitt tema. FN sitt arbeid med berekraftsmåla har mellom anna havet som ein del av løysinga for både meir matproduksjon og meir energiproduksjon.

Eitt av EU sine vitskapsråd har også gått gjennom potensialet for meir marin matproduksjon. Dei peikar på fire moglegheiter:

  1. Betre utnytting av våre kjente marine villfanga ressursar
  2. Utnytting av nye viltlevande ressursar
  3. Meir akvakultur med artar som krev fôr 
  4. Meir akvakultur med artar som ikkje treng fôring

Mesopelagisk fisk

Alt monnar når ein ser at jordas befolkning er på full fart frå dagens 7,7 milliardar menneske mot rundt 10 milliardar i 2050. 

Vi kan forvalta dei kjente fiske- og skaldyrressursane betre og auke uttaket med nokre millionar tonn. Vi kan finne og hauste av nye ressursar. 

Her er det kanskje spesielt mesopelagisk fisk som peikar seg ut. Dette er små fisk som lever på djupare vatn og som nokon meiner finst i langt større mengder enn tidlegare anteke. 

Prøvefiske er i gong og moglegheitene er store. 

Amund Måge

  • Har tidlegare vore forskingssjef ved Nifes i forskingsseksjonen på framand og smittestoff.
  • Vart marin direktør ved Universitetet i Bergen (UiB) i 2017.
  • Marin satsing er eitt av tre prioriterte område for UiB.

For stort press

Det finst også andre artar som vi i dag ikkje ser på som mat, men som vi i framtida kan verte nøydde til å ete. Nøydde og nøydde forresten, Arne Duinker frå Havforskingsinstituttet

.

Av og til får ein nye og kanskje litt uventa moglegheiter, slik som den uønska spreiinga av stillhavsøsters langs sørlandskysten har gitt. Då kan vi seie som Prøysen: Finn eit strå, og tre dom på.

Så langt har oppdrett vore betrakta som den største potensielle bidragsytaren for meir mat frå havet, men i det store biletet er ikkje oppdrett av fisk som må fôrast berekraftig nok. Presset på marine og landbaserte fôrråstoff vert rett og slett for stort.

Alger og skaldyr

Nei, det er først og fremst oppdrett av organismar lenger ned i næringskjeda som kan auke produksjonen monaleg på berekraftig vis. 

Her tenkjer vi blant anna både på alger (tang og tare) og på skaldyr som filtrerer frittlevande algar som mat. 

Dessverre har vi i Noreg i liten grad lykkast med forsøk på større prosjekt innan skaldyroppdrett, men siste ord er nok ikkje sagt og siste forsøk ikkje gjort. Kunnskapen som er oppnådd bør systematiserast og gje grunnlag for ny aktivitet.

Kjem ikkje av seg sjølv

Mange av tiltaka som skal til for å auke produksjonen av mat frå havet, vil nødvendigvis setje spor. 

Verken algeoppdrett eller skaldyroppdrett er usynleg produksjon; dei har økologiske fotavtrykk slik all produksjon av mat på land også har. 

Vi må såleis verte endå betre til å planlegge og forvalte areala våre både på land, til havs og spesielt langs kysten. Kysten vil i arealsamanheng vere ein «hot spot» for mange tiltak og arealkonfliktane vil vere mange, men det er no ein gong slik at «meir mat frå havet» ikkje kjem rekande på ei fjøl. 

Det krevst forsking, investorar og god forvalting. God middag.