Fiskeri- og havbruksnæringa har vore ramma av jordskjelv tidlegare. Vi har over natta blitt utestengt frå nesten alle viktige marknader; Russland, USA, Kina, Nigeria og for deler av laksenæringa også i EU. Motgang gjer sterk, og gir ikkje minst erfaring i å tilpasse seg.

Kva ventar oss på andre sida av sommaren, etter at vi kjem heim frå Norgesferien? Vi vil sjå klare strukturelle endringar av pandemien. Svekka økonomiar med redusert kjøpekraft. Endra kjøpsmønster og produktprioriteringar. Men hausten vil også bringe meir trivielle utfordringar for næringa.