I helga skal eg halde konfirmasjonstale for nevøen min.

Eg er sjølvsagt ugild i dette, men må seie at han er ein usedvanleg vaken og smart type. Det vil gå han godt i livet, men som gudmor og moster tenkjer eg mykje på dei orda eg vil sende med han vidare i ei verd som er strevsam, men òg uhyre morosam.

Tankane går til det å gjere feil, skli på bananskal og dette på rumpa. Det er strengt tatt ikkje mykje i livet ein kan lære meir av enn å gå på trynet. 

zoomKjersti Kvile
Kjersti Kvile

Og då held tankereisa fram.