Sjømatrådet kom denne veka med nye eksporttal som viser eit verdifall for andre månad på rad. I mai blei det eksportert sjømat for knappe 7,8 milliardar kroner, ein nedgang på ni prosent samanlikna med i fjor. For torskefisken er det uansett ein verdioppgang så langt i år på 250 millionar kroner, til tross for at eksportert kvantum på 168 000 tonn er åtte prosent lågare enn i 2019. Dette gir ein auke i eksportverdi per kilo på omlag 10 prosent til 43,16 kroner. 

Det er ikkje så hakkande gale totalt sett når ein trass alt står midt i ein pandemi med enormt krevjande effektar for næringa. 

Mai snudde eksportbiletet for torskefisk

Isolert for mai opplever derimot torskefisken for fyrste gong i 2020 både fall i kvantum, eksportverdi og eksportverdi per kilo samanlikna med tilsvarande periode i fjor. Det skuldast hovudsakeleg negative effektar av koronasituasjonen.

 I mai falt eksportert torskefisk kvantum med 17 prosent samanlikna med 2019. Eksportverdien var ned 21 prosent og 300 millionar, noko som gir eit verdifall for eksportverdi per kilo på omlag fem prosent.

 I mai 2019 fekk me 35,68 per kilo eksportert torskefisk, medan prisen fell til 33,80 i mai i år. Det er derimot visse avrundingseffektar i desse talla frå Sjømatrådet, som kan slå litt uheldig ut på månadsbasis. Effekten er derimot rimeleg klar. Korona gir krevjande marknadsforhold for torskefisken, særleg innan dei litt dyrare produktsegmenta som klippfisk og saltfisk.

Kay Ove Hafsås, økonom/rådgiver i Fiskebåt. Foto: Odd Kristian Dahle

Krone-effektar

Så langt i år kan snittverdien for eksportverdi per kilo fullt ut tilskrivast markant kronesvekking. Sjå vedlagt tabell. Ei svakare krone kan forklare ein snittpris i 2020 på 43,16 med over 100 prosent. Ser me derimot for mai isolert med same berekningsmodell burde kronesvekkinga bidrege til prisauke på knappe 5 kroner i staden for eit prisfall på 2 kroner som vart tilfellet. No i mai trumfar difor negative effektar av korona effekten av svakare krone på eksportverdi per kilo torskefisk for fyrste gong sidan utbrotet, noko som diverre kan vise seg bli ein tendens også dei komande månadane.

Utfordrande marknadssituasjon

Under nedstenginga i mars og april grunna korona blei volum og pris i stor grad haldt oppe av storstilt hamstring, inngåtte avtalar på pris/kvantum, dramatisk NOK svekking etc. Dette er effektar som no har avtatt, og kvantum/pris har justert seg etter dei rådande marknadsforholda og til forventningane framover. Dette har sjølvsagt fått konsekvensar også i fyrstehandsomsetnaden.

Grad av gjenopning av samfunn, kjøpekraft, endringar i konsummønster på grunn av restriksjonar og produktprisar vil i stor grad vere det som driv volumet framover. Pris vil difor truleg vere viktigare enn tilfellet var pre korona for kvantumsutviklinga. I tillegg har effekten av svakare krone avtatt og gir redusert kompensasjon i eksportverdiane.

Stort lerret å bleikje

Horeca-segmentet vil ta seg gradvis opp framover, noko som vil betre situasjonen også for kvitfisk, men folk vil framleis vere både reiserestriktive og forsiktige for å unngå smitte. Ein fullt fungerande Horeca-marknaden vil difor vere eit stort lerret å bleikje, og truleg ikkje på fullverdig pre korona nivå før pandemien er fullstendig under kontroll og det eventuelt føreligg ei vaksine.

Redusert kjøpekraft favorisera tilbereda produkt med lang haldbarheit, og me ser at dyrare produktkategoriar opplever etterspørselsfall. Dette er utfordringar som truleg vil vare ei stund då kjøpekrafta jamt over ventast å verte lågare ei god stund i dei fleste marknadar. På den andre sida er truleg dette noko som vil gi eit oppsving for Pelagisk.

Von i det fjerne

Samstundes ser ting til å gå fortare framover i gjeninnhentinga enn det ein kanskje såg føre seg for ein knapp månad sidan. Det er lyspunkt i marknadsutviklinga i Asia. Det gir von om at marknadssituasjonen kan betrast gradvis framover, også på det europeiske kontinentet. Me ser og at terskelen for heimekonsum av sjømat har letta litt under korona. Så når samfunna opnar meir opp og marknadstilgangen til viktige marknadar betrast, vil det truleg gi eit ytterlegare oppsving for etterspørselen etter norsk sjømat litt opp og fram. Før vi er der, blir det nok ei periode framover med noko uroleg sjø. I alle fall for torskefisken.