Me starta året på rekordnivå i januar med pris på fryst HG (hovudkappa og sløyd) over 2,5 kilo på 41 kroner kiloen, og for fersk rundt 37 kroner kiloen. No i august er tilsvarande nivå rundt 34- og 30 kroner. Det er eit betydeleg prisfall, og for fersk torsk handlar vi no på tilsvarande nivå på same tid i 2019, kring 30 kroner.

Dempa prisfallet

Fryst ligg eit par tre kroner lågare enn i 2019, om lag på same nivå som i 2018, men verkar å ha stabilisert seg kring 34 kilo dei siste par månadene. Ferskprisane ligg framleis ein 4-5 kroner over 2018-nivå. Sesongvariasjonar i fisket og marknaden gir som regel alltid lågast pris i sumarmånadane, før me ser ei stabilisering og ein svak oppgang utover hausten i fyrstehandsomsetnaden. Er det noko me også kan vente oss framover?

Målt mot euro, som står for om lag 75 prosent av torskemarknaden, er prisnedgangen ca. 25 prosent. Svakare krone har difor dempa noko av prisfallet. Spesielt såg me dette i starten av koronautbrotet, då prisen på fryst haldt seg rimeleg stabil i perioden februar- april, medan ferskprisen fekk ein knekk ein månad tidlegare. Dette fell saman sterkt med perioden krona var på sitt svakaste, og at fryst heldt seg betre oppe over noko lenger tid kan nok i tillegg skyldast lågare omløpshastigheit på fryst råstoff og fastpriskontraktar for levering fram i tid. I tillegg til at hamstring i daglegvaremarknaden i stor grad dekte fråfallet i HORECA- marknaden i starten av viruskrisa og ergo heldt prisane oppe.

Kay Ove Hafsås, økonom/rådgiver i Fiskebåt Foto: Odd Kristian Dahle

Krone-effekten avtakande

Svakare krone fungerte difor best som buffer tidleg i perioden, der snittkursen på månadsbasis i mars-mai om lag var 15 % svakare enn kursane i januar 20. Sidan april har derimot kroneeffekten vore avtakande, og per juli er krona berre knappe 5 % svakare enn det me såg i starten av året. Kronestyrkinga har framleis no i august, og mot dollar og pund handlar me til og me på lågare kursar enn det me såg i januar. Torskeprisen vil difor truleg ikkje få noko særleg draghjelp av krona vidare utover i 2020 i fyrstehandsomsetnaden, dersom kronestyrkinga som me har sett gradvis sidan toppen i april varer ved.

Korona tynger

Prisfallet er hovudsakleg ein konsekvens av koronautbrotet. Effekten av pandemien som grad av tiltak/nedstengingar i ulike samfunn har gitt utfordringar for marknadstilgang, samt endringar i kjøpekraft og forbruksmønster hjå konsumentar. Ein tendens under denne pandemien er at dyrare artar- og produktkategoriar synast å bli hardast råka. I tillegg har me fått auka torskekvotar for 2021 på toppen, som basert på tidlegare analysar gir ein viss prissamvariasjon. Totalt sett står me difor framfor ein haust med større usikkerheit enn på lenge, og det er umogleg å seie noko om kva framtida vil bringe. Alt avheng i stor grad av korleis viruset utviklar seg snarare enn økonomiske og marknadsmessige faktorar. Det gjere biletet uoversiktleg og utfordrande.

2020 trass alt bra så langt

Trass i korona har omsetnaden så langt i 2020 ikkje vore så hakkande gale. Omsett kvantum er 5000 tonn lågare i år enn i fjor, men verdiutviklinga til og med juli har stege med 100 million til 6,23 milliard totalt. Det gir ein auke i eksportverdi hittil i 2020 på litt over tre kroner kiloen. Det kan ein i stor grad tilskrive at hovudtyngda av torskefisket i stor grad var gjennomført før korona braut ut for fullt. I tillegg fekk ein dei etterfølgande månadane dempa effekten grunna ei storstilt svekking av krona, samt at næringa som så mange gongar før er flinke til fleksibilitet og omstilling når omgjevnadane endrar seg. Dette prisbiletet har no snudd noko. Medan me i 2019 hadde ei positiv utvikling i eksportverdi per kilo gjennom året, har me sett ein fallande tendens så langt i 2020. I juli var for eksempel eksportverdien per kilo torsk 10 kroner lågare i 2020 enn i 2019.

Volum og konsekvensar av finanskrisa

For hausten 2020 og vidare utover i 2021 er det difor truleg andre ting enn rekordprisar som må dra innteninga i torskesektoren langs heile verdikjeda. Ein går difor inn i resten av 2020 og 2021 litt i uvissa om volum kan kompensere noko av prisnedgangen i forhold til fangstverdi/eksportverdiar. Kvotebiletet i 2021 gir rom for det, men viruset si påverknad av etterspurnadssida er framleis usikker. Den globale smitteutviklinga og innskrenkingar som følge av det gjere at oppsvinget i HORECA marknaden tek lenger tid enn ein håpa på, og vil truleg vere avgrensa ei god stund framover.

Vonleg har ein det som skjedde i torskesektoren i 2009 i kjølvatnet av finanskrisa friskt i minnet, der ein fekk utfordringar i form av lagerbygging i ein marknad med fallande prisar. Konsekvensane av korona byr litt på dei same utfordringane for bransjen. Forskjellen denne gangen er at sektoren jamt over er betre rusta til å stå av noko tyngre tider. Sektoren er betre kapitalisert, er meir diversifisert, og har betre volum- og produksjonsfleksibilitet. I tillegg er myndigheitene i større grad klar over marknadsutfordringane ein står ovanfor og vil truleg agere raskt med tiltak ved behov. Å sørge for full kvoteutnytting i 2020 og 2021 utan å bygge unødig lager vil vere ei krevjande målsetjing i gjeldande situasjon. Det kan difor bli krevjande å finne eit «riktig» prisleie i den komande vintersesongen slik at ein unngår 2009 i 2021.

Framtidsutsiktene

Ei positivt utvikling framover vil i stor grad avhenge av god interaksjon/kommunikasjon/fleksibilitet mellom/i dei ulike ledda i verdikjeda for å kunne tilpasse fisket og produksjonen i forhold til det marknaden til ei kvar tid spør etter framover. I tillegg vil det vere viktig å ikkje gå på akkord med kvaliteten langs vegen, både for å halde oppe konkurransefortrinn, og for potensielle synergieffektar som betra -omdømme og marknadsposisjon post korona.

Det verste prisfallet, betydelege 20 prosent i norske kroner, ser derimot ut til å vere tatt ut. Utover i 2020 vil ein framleis ha ein viss positiv effekt av svakare krone, men den har vore avtakande den siste tida. Krona kan potensielt styrke seg moderat vidare ved stabil og betre utvikling innan oljepris, aksjemarknad og smitte det komande året. I lys av det vil ein truleg få avgrensa draghjelp av krona på eksportverdi og fyrstehandsomsetninga neste år.

Forhåpentlegvis vil ei gradvis forbetring av koronasituasjonen kompensere for svakare kroneeffekt, i form av betre marknadsforhold- og etterspurnad, slik at volum kan bli ein vekstdrivar neste år.