Det kom eit varsel frå Direktorat

Om fiskarens eigen heimfarsmat

No skal den førast i boka inn

Slik unngår ein lureri og svinn

For heime i kvart eit fiskarhus

Der lever dei visst i sus og dus

Med torsk og hyse på alle fat

Dei et nesten ikkje anna mat

Det seier dei lærde i Bergens by

Som har sjekka opp kvar meny

No har dei fått betydeleg angst

For kokefisk og kontroll av fangst

Knut Arne Høyvik Foto: Privat

Blir det kontroll i hytter og hus?

Beslag av fangst og vanskeleg jus?

Ein liten torsk i eit kjøleskap

Må førast inn som eit kvotetap

Kontrollørar står ikkje berre på kaia

Dei ruslar rundt på gater og veia

Kjenner dei lukta av illegal fisk

Vankar det både bøter og pisk

Eg har eit håp- ja faktisk ei bøn

Til dei som sit trygt på statens løn

Pust djupt med magen - og tell til 10

Og finn ei skuff og legg forslaget i