Vi nyttar desse prøvene til å berekna kor mange sildeindivid fiskeria tek ut av bestanden. Dette er særs viktige data for bokhalderiet av bestandane. Når forskarane skal anslå størrelsen på ein fiskebestand, har faktisk desse fangstprøvene ofte større innflytelse enn observasjonar frå Havforskinga sine eigne tokt.

Viktig informasjon

Dei årlege toktindeksane fortel kor mykje bestanden av nordsjøsild varierer over tid, samt alderssamansetninga i bestanden. Fangstprøvene, saman med sluttsetlane, gjev HI informasjon om talet på fisk som blir fanga og kva størrelse og alder ein fiskar på.