Mange av reglane om praktisk utøving av fiskeri står i utøvingsforskrifta. Som døme kan nemnast minstemål, bifangsprosentar, med meir. I vår var eit forslag om endring av dette såkalla tekniske regelverket på høyring. Siktemålet var å gjera reglane enklare.

Endringsforslaga var tufta på ein rapport frå ei arbeidsgruppa, som hadde jobba med dette sidan 2015. Gruppa hadde medlemmar frå direktoratet, Pelagisk Forening, Fiskarlaget, Kystvakta, og Kystfiskarlaget.

Forenklingar

Storparten av arbeidet var redigeringsmessige forenklingar, fjerning av irrelevante reglar, og liknande. Arbeidsgruppa ønskte òg vesentlege realitetsendringar, og Pelagisk Forening var den einaste som protesterte mot desse.

Pelagisk Forening var kritiske til forslag om realitetsendringar, og stilte spørsmål ved om det å halvera bifangstprosentar var innanfor arbeidsgruppa sitt mandat. Vi spelte mellom anna inn at «Reduksjon av lovlege bifangsprosentar kan i ytterste konsekvens føra til at fiskeri må avviklast.

Pelagisk Forening oppfattar det slik at bifangstprosentane opphavleg er satt for å ta høgda for at det, av biologiske og praktiske grunnar, er uunngåeleg med bifangst i fiskeri.

Fordi fiskeri er ulike, er det ikkje unaturleg med ulike satsar i ulike fiskeri.

Eventuell reduksjon av lovlege bifangsprosentar krev såleis ei grundigare biologisk, og praktisk, vurdering enn kva som er gjort i arbeidsgruppa.»

Kritiserer direktoratet

I ei utsegn datert 15.november 2019, kritiserer Regelrådet Fiskeridirektoratet, og skriv at «Fiskeridirektoratet foreslår realitetsendringar som påvirker en del næringsaktører, det gjelder blant annet forslaget om innstramninger i tillatt bifangst ved fiske med småmasket trål, utvidet rapporteringsplikt ved høsting om faststående redskap og krav til føring av stuingsplan for større fartøy som oppbevarer frossen fisk. 

Regelrådet mener de foreslåtte realitetsendringene burde vært grundigere utredet. Det kommer ikke klart frem hvorfor disse endringene er nødvendige. Videre burde virkningene for berørt næringsliv vært grundigere utredet, og det burde vært drøftet om målet med forslaget står i forhold til de negative virkningene for aktørene. Regelrådet mener på bakgrunn av dette at forslagene til realitetsendringar ikke er tilstrekkelig utredet, jf. utredningsinstruksen pkt. 2-1.»

Raudt lys

Regelrådet brukar òg eit «trafikklyssystem», og gjev Fiskeridirektoratet raudt lys.

I utsegna skriv Regelrådet mellom anna at «Etter regelrådets vurdering kunne direktoratet gjort bedre rede for virkningene av de foreslåtte realitetsendringene for berørt næringsliv.»

Rådet skriv òg at «Det kan … stilles spørsmål til om de skjerpede kravene til tillatt bifangst kan utgjøre større vanskeligheter for noen aktører enn andre og dermed medføre konkurranse-virkninger. Regelrådet kan ikke se at dette er adressert og utredet.»

Advokat Ask Økland i Pelagisk Forening Foto: Ole Erik Klokeide

Fiskeridirektoratet får òg kritikk for brot på utgreiingsinstruksen pkt. 4-3, «Regelrådet skal informeres om høringen når forslag til lov og forskrift som er særlig relevant for næringslivet legges ut på høring … Vi kan ikke se å ha mottatt informasjon om denne saken,»

Regelrådet skriv òg at «Det fremkommer ikke i tilstrekkelig grad hva som er begrunnelsen for realitetsendringene. Videre er virkningene av endringene av endringene i liten grad utredet.»

Slag i lufta?

Kva er så Regelrådet? Det står i Regelrådet sine vedtekter at rådet har til formål å bidra til at næringslivet ikkje blir påført unødvendige byrder gjennom nytt eller endra regelverk. Regelrådet vart stifta i 2016, og er underlagt Nærings- og fiskeridepartementet. Rådet har ei fri og uavhengig stilling, og NFD har ingen instruksjonsrett i faglege spørsmål.

Kritikk frå regelrådet kan såleis vera slag i lufta. Rådet har ikkje vore i funksjon i meir enn cirka 3,5 år, og det er noko uklårt kva konsekvensar Regelrådet sin kritikk eigentleg har.

Regelrådet minner litt om Sivilombodsmannen. Sivilombodsmannen har heller ikkje instruk-sjonsrett. Likevel er det nærast sjølvsagt at dersom eit forvaltingsorgan får kritikk av Sivilombodsmannen, så korrigerer forvaltningsorganet praksisen sin.

Kva gjer så Fiskeridirektoratet som følje av denne kritikken? Tilsynelatande ikkje noko som helst.

Pelagisk Forening meiner at når Regelrådet gjev Fiskeridirektoratet raudt lys, og klar kritikk fordi konsekvensane av forslag ikkje er undersøkt, bør det vera eit minimumskrav at kritiserte forslag ikkje blir vedteke.