Vinterfisket var prega av god tilgang, gode fangstar og rekordprisar i mange fiskeslag. Dei fleste samfunn vart stengt ned og innførte strenge koronatiltak, og brått vart gryande optimisme erstatta av stor usikkerheit og bekymringar kring framtida, både i næringslivet og hjå konsumentane.

Sjømatutviklinga

Korona førte til eit stort fråfall av HORECA marknaden, marknadstilgang vart vanskelegare grunna nedstengde grenser og logistikk vart dyrare som følge av færre transportmoglegheiter. Over tid har me sett ei auke i arbeidsløyse i dei fleste marknadar, og ergo lågare kjøpekraft.