Fiskarlaget Nord gjorde sist veke eit vedtak om å forlate Noregs Fiskarlag, det er berre å ta til etterretning. Kystfiskarane i nord meiner at Fiskebåt har fått for stor innflytelse i Fiskarlaget, og dei seier sjølve at dei kjenner på frustrasjon og maktesløyse.

To kanalar inn

Det er i den daglege drift at vi ser ein viss ubalanse i makt. Fiskebåt som landsdekkande organisasjon sender sine saker direkte til styresmaktene, og ikkje alltid gjennom Noregs Fiskarlag.

Andre saker sender dei gjennom Noregs Fiskarlag, dei har med andre ord to kanalar inn til styresmaktene Medlemslaga sender sakene sine for det meste lojalt gjennom Noregs Fiskarlag, og ikkje direkte til styresmaktene, og det opplever mange fiskarar som frustrerande.