I denne artikkelen, dog noko forenkla, vil ein forsøke å synleggjere effekten svakare NOK har hatt på særleg eksportverdiane av Torskefisk og Pelagisk i starten av 2020.

Rekordstor sjømateksport

Sjømatrådet meldte om rekordstor sjømateksport i sin siste månadsrapport for februar. Totalt er det eksportert sjømat for om lag 19 milliardar kroner hittil i år, noko som er 2,5 milliardar meir enn på same tid i fjor. Det gir ein auke i eksportverdi på i overkant av 15 prosent. Eksportvolumet var derimot ned knappe to prosent til 430.000 tonn.

Når det gjeld torskefisk er det eksportert sju prosent mindre volum hittil i år, enn på same tid i fjor. I 2019 blei det eksportert i overkant av 71.100 tonn mot knappe 66.000 tonn i år. Eksportverdien har derimot auka frå 2,8 milliardar i 2019 til 2,95 milliardar lågare volum til trass. Det gir ein eksportverdi per kilo på 44,65 kroner i 2020 samanlikna med 39,34 i 2019, ein oppgang på nesten 13,5 prosent.

Svakare krone

Når det gjeld pelagisk er volumet om lag det same i 2019 og 2020, 140.000 tonn versus 139.000 tonn i år. Eksportverdien har derimot gått frå 1,33 milliard til 1,76 milliard i same periode. Det gir ein auke i eksportverdi per kilo frå 9,51 kroner i 2019 til 12,68 kroner i 2020, eller knappe 25 prosent.

Ei vekting basert på dei viktigaste eksportmarknadane indikera ei NOK svekking på om lag fem prosent for torskefisk, og seks prosent for pelagisk i 2020 samanlikna med 2019. NOK svekkinga har dermed gitt eit positivt bidrag til eksportverdi per kilo med knappe 36 prosent for torskefisk overkant av 18 prosent for pelagisk i 2020. 

I nominelle tal vil det seie ei betring på 128 mill. for torskefisk og 80 mill. for pelagisk gitt voluma hittil i år. Resterande betring i eksportverdi er eit resultat av betra etterspørsel og positiv prisutvikling. Samanlikna med i fjor har ein dermed på ein måte fått i pose og sekk. Er denne utviklinga noko ein også kan vente framover? Der er det nok viktig å skilje mellom kort og lang sikt.

Meir negative konsekvensar

i Fiskeribladet førre veke om koronavirusets effekt for sjømatnæringa. Som Egeness er inne på, er det særskilt tiltaka for å hindre smittespreiing som bidreg til å redusere den globale veksten, og ergo vil vekstreduksjonen vere avhengig av kor lang tid det tek før ein får viruset under kontroll.

Sanninga er at ein ikkje veit, men at usikkerheita har auka og sannsynet for meir negative konsekvensar enn det ein tidlegare såg føre seg har auka. Noko oljepriskollapsen, som skuldast frykt for koronaeffektar og usemje om produksjonskutt i OPEC+, dei siste par dagane er eit bilete på.

På kort sikt vil eit eventuelt press på volum delvis kompenserast i Eksportverdien ved at NOK har svekka seg ytterlegare. Per tidspunkt i dag måndag 9 mars er NOK over fire prosent svakare mot USD, og sju prosent svakare mot EUR enn snittet for januar/februar i 2020. Svakare NOK vil difor gi eit betydeleg positivt bidrag for eksportverdi per kilo også for mars.

Fallet i oljeprisen

Koronaviruset veit me ikkje det endelege omfanget av. Slik det ser ut no, må ein stålsetje seg føre at det kan ta tid å få kontroll på viruset, og at ringverknadane det medfører får store konsekvensar for global vekst. Meir urovekkande er det store fallet i oljeprisen, som vil få større konsekvensar for norsk økonomi enn koronaviruset, dersom prisen held seg på 30-talet over tid. 

Panikkstemninga rår både i valuta-, olje-, børs- og rentemarknaden for augneblinken, og særskilt har dette råka NOK og norske renter, som regelrett har fått juling den siste månaden. Over tid vil nok verda likevel byrje å gå framover att.

Når amerikanske renter fell

Når USA, som trygg hamn, no kutta styringsrenta med 50 prosent førre veke redusera det truleg sannsynet for vidare NOK svekking på sikt om me ser noko forbi turbulensen/panikken som no pregar marknaden. 

USA i vekst, ein sterk USD, og høge amerikanske renter har vore den føretrekte investeringsmarknaden dei siste åra. Dette fordi perioden har vore prega av stor usikkerheit politisk og geopolitisk, jamfør handelskrig/brexit/Midtausten etc., og kapitalstraumen har vore i favør dei største økonomiane på kostnad av små perifere. 

Ein særs sterk USD og høge amerikanske renter har nok vore ein vesentleg årsak til svak NOK dei siste åra. Når amerikanske renter no fell, og USD svekka seg til dels bør det potensielt gi betre støtte til NOK over tid. I det minste ei form for stabilisering når marknadsfrykta avtek.

Rentekutt

Noregs Bank vil sannsynlegvis ikkje reagere med like kraftig lut som FED i rentesetjinga framover, trass i dette marknadssjokket koronaviruset og oljeprisfallet har påført. Noregs Bank vil truleg kutte mindre enn FED i eit sånt scenario. 

Det har tradisjonelt også vore gjort ved diverse marknadssjokk, og marknadsprisinga per tidspunkt prisar allereie inn eit rentekutt og to for dei neste månadane. Ein vil difor truleg behalde ein betydeleg positiv rentedifferanse mot utlandet også framover. Dessutan vil nok finanspolitiske verkemiddel fungere betre i den situasjonen ein no står ovanfor, og der er AS Noreg i ei særstilling med pengar på bok. Dette, samt ei vonleg betring av koronasituasjonen og oljeprisen litt opp og fram vil kunne snu biletet i favør NOK over tid.

Ei svart svane

Ein bør difor ikkje rekne med at eksportverdien per kilo vil behalde den positive NOK effekten som me har sett hittil i år på lenger sikt. Ei Svart Svane går som regel over etter ei stund, noko som også vil betre situasjonen for oljemarknaden, og verda vil smått om senn byrje gå framover att. 

I eit sånt scenario vil truleg NOK effekten på eksportverdi per kilo gi eit negativt bidrag. Noko ein knapt har sett dei siste åra på årsbasis.

Det kan difor vere greitt å ha sikringsgrad på agendaen i disse dagar. Særleg når det gjeld forventa framtidige inntekter i valuta, men ikkje minst også på rentekostnadssida, der marknaden er i fritt fall grunna kollapsen i amerikansk 10-års-rente som det norske fastrentenivået i hovudsak er styrt av. 

Marknadssjokket gir dermed eit vindauge for eit vesentleg rimelegare rentebindingsnivå for ulike løpetider enn det ein kunne drøyme om for berre to veker sidan.

Akkurat no er dei fleste i villreie, og vonar berre at dei økonomiske effektane av koronaviruset /oljeprisfallet blir kortsiktige og forhåpentlegvis betre enn frykta. Isolert sett vil det truleg også bidra til eit negativt NOK bidrag på eksportverdi per kilo, men positivt for volum og pris på mellomlang og lenger sikt.