Fiskeripolitikk er ei slik sak. Og her ber media på eit stort ansvar.

Eg las nett at brorparten av Norges ressursar ligg i havet, dette sjølvsagt på grunn av vår langstrekte kyst. Vår kyst er faktisk den nest lengste i heile verda, mens Canada har den lengste.

Norge som ein stor havnasjon har eit stort ansvar for ei berekraftig utvikling, både nasjonalt og globalt.

Debatt. Knut Vadla, leiar Fritt Norden. Foto: Privat

Havet som søppelbøtte

Havet er ikkje berre uhyre viktig for Norges eksistens, og for at folk framover framleis skal kunna bu og livnæra seg langs kysten. Havet er uhyre viktig for heile klodens eksistens, og burde forvaltast på ein berekraftig måte.

Inntil i dag har havet langt på veg vore brukt som ei søppelbøtte som fyllest med plast og giftstoff av alle slag. Våre politikarar gir også framleis gruveselskap løyve til å dumpa avfallet i norske fjordar.

I nær hundre år har det vore kjent at stor gammal fisk (av t.d. brosme og kveite) akkumulerer så mykje kvikksølv at han er ueigna som menneskemat. Og nå som havbruk har blitt så stort i Norge, veit me at middelet dei brukar mot lakselus tek livet av rekene, og truleg også av raudåte og blåskjelyngel.

Kven bryr seg?

Fiskarar langs heile vår kyst klagar på mindre fisk i fjordane enn før. Dei spør seg kva grunnen kan vera og ber politikarane om å ta ansvar.

Trålfiske har vore omstridt frå «tidenes morgon». Det er den desidert dyraste måten å fanga fisk på. Globalt tek dette industrifiske arbeidsplassane frå millionar av kystfiskarar.

Dessutan ligg føre det nå forskingsrapportar som peikar på botntråling som ein alvorleg trussel for mangfaldet i havet. Både FNs klimapanel og mange forskarar har tilrådd globalt forbod mot botntråling. I Norge har AOF gjort eit vedtak om dette. Men kven bryr seg om det?

I tillegg til å vera klimavennleg, er det estimert at dersom me hadde drive fiske med passive reiskap, frå sjarken, kunne me ha teke på land seks – 6 – gonger så mykje fisk som me tek i dag. Det hadde vore noko for ein svolten verda.

Fiskarar vert jaga på land

Diverre prioriterer våre politikarar trålfisket, kvotemilliardærane og den havgåande flåten i staden for å prioritera kystfiskarane, sjarken og kystsamfunna.

Våre ansvarlege politikarar uroar seg derimot for ein omfattande fiskerikriminalitet i sjarkflåten, og har nå bestemt å innføra eit ekstremt digitalt overvakings- og kontrollsystem i kystflåten. Det vil jaga på land dei fleste småfiskarar.

Dette læt ikkje bra. Me veit at grunnen til at trålflåten har blitt så mektig er at trål-eigarane utan lov tok til å selja kvotane dei hadde til låns av fellesskapets ressursar (mine og dine kvotar). Trålbaronane er i dag våre allmektige oligarkar.

Er dei så mektige at det er blitt umogeleg for ansvarlege politikarar å avvikla trålfiske til fordel for kystfiske? Norske politikarar bør vakna nå!

Norge bør, som den fiskerinasjonen me er, gå i bresjen for utfasing og avvikling av botntråling – både nasjonalt og globalt!