I eit lesarinnlegg i Fiskeribladet fyrer statsråden imot FrP og Senterpartiet som begge har vore ute og sagt at Høgre sin idé om å tidoble CO2 avgifta for fiskeriet både er næringsfiendtleg og så langt vekke frå høgrepolitikk som det er mogleg å komme.

For fiskeflåten vil forslaget om ei auke av CO2-avgifta fram mot 2030, saman med forslaget om ei nedtrapping av kompensasjonsordninga, at CO2-avgifta blir 10-dobla på ni år, frå ca. 52 øre i 2021 til kr 5,32 pr. liter mineralolje i 2030.

Dette betyr millionar på botnlinja for fiskerinæringa. Og så lenge andre land ikkje har slike avgifter betyr jo berre denne nye høgrepolitikken at båtane går lengre og bunkrar i andre land med det som resultat at utsleppa går opp og verdiskapinga og omsetnaden går ut av landet. Det er ikkje ein politikk FrP synest er smart.

Det er positivt at fiskeriministeren roser Pedern og gjengen på Liaskjæret for innovasjon. Slik FrP ser det er den sikraste måten å sikre endå meir innovasjon i næringa på at faktisk ikkje avgiftene knekker ryggen på næringa.

Høgre er no ikkje til å kjenne igjen i næringspolitikken. Rotevatn og Venstre har fått alt for mykje innflytelse.