Bardzo dobrze - labai gerai - very good og veldig bra til alle våre utenlandske arbeidere.

Dette har på ingen måte vore ei sjølvfølge.

Arnt Inge Nygård. Foto: privat

Når land etter land stengde ned og folk blei oppfordra til å reise heim, tenkte vi i vårt stille sinn; kva skjer no?

Vi var smerteleg klar over kven som køyrde trucken, stod med graideren, gørra, fileterte, isa, pakka og fraus fisken, og har faktisk gjort det dei siste 10-20 åra.

Mens mange av oss blei beordra til heimekontor, stod våre helter på post. Dei drog ikkje til Polen, Litauen eller Estland. Utruleg nok blei dei her og vi kunne puste letta ut for ei stund.

På nyåret stengde myndigheitene landegrensa med nærast umiddelbar verknad. Dette førte til at titusenvis av arbeidarar som skulle jobbe under vinterfiske vart utestengd.

Mens vi framleis sat på heimekontor, sikkert litt sure og leie sjølv om pengane hopa seg opp, måtte våre sanne helter gire opp eit hakk. I tillegg til sin jobb måtte dei så godt det lot seg gjere, fylle tomrommet til dei forviste på grensa.

I vinter har vi levert hos Vikomar, Nergård Senjahopen og Lerøy Kjøllefjord.

Da Ålesund slo favoritten Molde i cupfinalen på Ullevoll, uttalte trener Kjetil Rekdal at dette var coaching i verdsklassen, han var heilt i ekstase.

For oss er coaching i verdsklasse den jobben Bård på Senjahopen, Daniel og Kurt Idar i Kjøllefjord og Kristoffer på Vikomar har utført siste året overfor våre utanlandske profesjonelle arbeidarar i fiskeindustrien!

Gjengen dei har leia har det siste året tusenvis av 2 x 45min bak seg i produksjonen. Arbeidarane vi har snakka med verka fornøgde, men såg sjølvsagt fram til eit normalt liv igjen.

På vegne av oss om bord i Jøkul og Nystrøm og sikkert mange fleire: Dziękuję Ci - Ačiū - Thank you. Tusen takk.