«Nord Norge er mulighetenes land, - hvordan kan vi sikre flere helårlige arbeidsplasser?» , skriv Maiken Johnsen i Fiskeribladet 8. mars 2022.

Men det kan også vera gode grunnar for bekymring. Vil det bli folk nok att i eit framtidig Finnmark til å vareta ressursane?

Ole Magnus Rapp skriv i Klassekampen 2. mars 2022: «På få år er folketallet i flere steder i Finnmark halvert. Om regjeringen vil satse seriøst i nord, må fiskeressursene bli forbeholdt kystfolket, slik loven tilsier».

Dette er døme på konsekvensar av norsk fiskeripolitikk. Ingen av våre fylke har så rike ressursar som Finnmark, Troms og Nordland.

Landet er langt og våre sentrale myndigheiter i sør har ikkje forstått å vareta dei nordnorske ressursane på ein god måte. Trålfiske blei forbode i 1936 fordi det blei sett på som eit rovfiske.

Då det blei innført att i 1951, skulle det berre vera som eit supplement til anna fiske for å skaffa råstoff til heilårsdrift i fiskeindustrien på land. Det heiter at «med lov skal land byggjast, og ikkje med ulov øydast».

Trass i dette har våre myndigheiter heilt utanfor lov or rett, medverka til at trålarkapitalen har fått starta private kjøp og sal av fiskekvotar som dei hadde til låns av staten. I fortsettelsen av dette har myndigheitene latt trålarkapitalen fått vide fullmakter til styring av norsk fiskeripolitikk.

Trålaroligarkane har fått bygt seg ein kjempestor trålarflåte. Dei har tilrana seg kontroll over om lag halvparten av den norske fisken. Dette er ingenting mindre enn ein brotsverk mot våre kystsamfunn. Det finst ingen lovheimel for kjøp og sal av fiskekvotar. Det er det verste som har hendt våre fiskeri.

Fisken søkjer sin vern i koralrev av ymse slag der desse finst på havbotnen. Ein trål som sopar botnen er nådelaus nøydd til å øydeleggja desse reva, som me veit det kan ta hundrer av år å byggja opp. Det blir rett og slett som om me raserer ein skog. I denne prosessen blir det og drepe ein mengde yngel og småfisk.

Ingen andre fiskemåtar er så kostbare og ressursøydande som trålfiske.

Dei store trålarane som går langt til havs etter fisken brukar fleire gonger så mykje diesel per kilo fanga fisk som det sjarken gjer. Trålarane treng også fleire gonger så mykje fisk bak kvar arbeidsplass som det sjarken treng.

Trålarane fangar fisken i oppvekstsamrådet/barnehagen til fisken. Så den fisken trålarane tek er berre vel halvparten så stor som den fisken sjarkane tek, for når fisken kjem under kysten for gyting, er han vaksen.

Det er estimert at om me dreiv eit meir miljøvennleg fiske med passive reiskap som eksempelvis line og juksa, ville me kunna ta på land seks 6 gonger så mykje fisk som me tek i dag. Det ville vera ein fantastisk gevinst til ei svolta verd. Og du verda kor mange tusen arbeidsplassar og levande fiskevær det kunne ha gitt.

Staten har diverre i mange tiår subsidiert bygging av trålarflåten med massevis av millionar kroner, – og framleis driv staten massiv subsidiering av drivstoffet til trålarflåten. Det synest ganske absurd at våre politikarar framleis støttar opp om denne oligarkindustrien, som er i ferd med å bli fabrikkar i havet som snart ikkje har bruk for vår kyst.

Trålarnæringa må avviklast både nasjonalt og globalt, så snart det lar seg gjera, spesielt nå som det blir leita med lys og lykte for å få ned utsleppa av CO₂.

Viser til to internasjonale rapportar om denne problematikken.

Dei har rekna ut at utsleppa av CO₂ frå botntråling rundt om i verda, er like høge som utsleppa frå heile verdas flytrafikk. Havbotnen er verdas største karbonlager. Når dei digre tråldørene og trålposen pløyer botnen, blir det frigitt enorme mengder CO₂.

  • I 2008 skreiv bladet Fiskaren: «En rappprt fra FN-organisasjonen UNEP (United Nations Environmental Programme) «In Dead Water» beskriver bunntrålfiske som den mest destruktive fiskemetode som finnes.

Trålingen karakteriseres av forskarar som den største trusselen mot det biologiske mangfaldet i havet, skriv bladet Vesterålen. Rapporten anbefaler overfor FNs generalforsamling et globalt forbod mot tråling.»

For å nytta Ottar Brox sine ord om trålfiske: «det er som å skyta sporv med kanoner». Noreg må satsa på sjarkflåten, og ta fisken i kystnære område. Då kan det samstundes satsast stort på oppbygging av småsamfunn og fiskevær med fiskemottak og fiskeindustri langs heile vår kyst. Med dagens gode båtar vil dette kunna bli særdeles attraktive arbeidsplassar. Dette vil kosta.

Men nå er det sjarkflåtens tur! Difor må fiskeriministeren ta regien og staten må subsidiera sjarkflåten for å gjenreisa kysten.

Privat kjøp og sal av fiskekvotar må sjølvsagt avviklast, og kvotane lånast ut til fiskarane gratis. Havet må forvaltast på naturens premissar.

Det er også grunn for å sjå med kritiske augo på oppdrettsanlegg og vindturbinar i våre gytefjordar og fiskeområde. Desse må ikkje stå i vegen for villfiskens liv i havet.