Det er lett å finne feil hos næringa som forfattarane gjer i dette innlegget. Tilsvarande ser ein i Sigud Løseths innlegg i Klassekampen 16.5. der han vis til den store dyretragedien laksenæringa er blitt og spør «Når skal vi som samfunn ta eit oppgjer med denne dyremishandlinga?»

Kjell Magne Fagerbakke, Biolog og dagleg leiar av Akvareforma AS Foto: Privat

Utan beviseleg berekraft i produksjonen vil det blir verre og verre å få seld produkta framover. Næringa treng derfor kritikk, men ikkje aleine. «Vi som samfunn» er som regel representert av myndigheitene

Snudde ryggen til

50 år tilbake i tid var det ei bragd å få laksen til å leve i fangenskap og så seint som tidleg i tusenåret rant milliardane ut av Pan Fish mens dei prøvde å lage storindustri av laksen.

Truleg kan strenge restriksjonar ha vore feil medisin på den tida, men kunnskapen hos myndigheit og forvalting kunne godt heldt tritt med korleis næringa har utvikla seg dei siste 15 åra.

I staden for å lage fornuftige rammer for dyrevelferd og miljø, har politikarane i disse åra snudd ryggen til og unngått objektive funn frå forsking. Dei manglande politiske signala har òg paralysert ei forvalting frå å foreslå dei nødvendige tiltaka som kunne hindra denne situasjonen.

Lukka anlegg

Nyetableringar i laksebransjen er i dag frå kapitalsterke investorar som toler dei dyre konsesjonane. Konsekvensen er at kapitalen blir konservativ.

Motivasjonen for nyetableringar blir derfor styrt mot konvensjonelle metodar med potensial for høg avkasting på kort sikt. Ei lita betring ligg i forslaget til de nye miljøkonsesjonane, men det monnar så lite på totalen at ei næring som produserer 1,4 mill. tonn blir tilført 1.400 tonn berekraftig produksjon.

I tillegg manglar krav om mindre innhald i fôret frå monokulturar av soya, eller overfiske av fiskeressursane.

I Akvareforma har me derfor sett inn i spåkula og designa eit sirkulært oppdrett for framtida. Utfordringane med lus, sjukdom, overgjødsling og varmare havvatn minimaliserast ved å bruke lukka merdar.

Dei kan plasserast på nye lokalitetar som gjer elektrifisering enkelt, men dei store klimautsleppa i lakseproduksjonen kjem frå fôret.

Sirkulært oppdrett

Det løysast ved å dyrke havet. Om ein plasserer dyrkingsutstyr i sjøen fungerer dei som kunstige rev med ein enorm produksjon av blåskjel, tare og tunikaer.

Ikkje berre gjev dette oss lokale råvarer som vi kan fôre laksen med. Det gjev òg forbetring av vasskvalitet med eit større biomangfald som bonus. Det største marine miljøproblemet i Norge er eutrofieringen av Oslofjorden.

Her kan ein godt bruke forretningsidéen til Akvareforma der kombinasjonen næringsverksemd og regenerativ dyrking av fjorden vil produsere mat og samstundes bidra til at biomangfaldet kan ta seg opp att.

I mangel på økonomisk berekraft i oppstarten av eit slikt prosjekt vil fjorden fortsette sin degradering og prisen for restaurering kan bli enorm.

Klare økologiske rammer

Laksenæringa har sitt å vinne på at me kan produsere laks i generasjonar, men vil som andre næringar ha størst fokus på å tene pengar.

Sjølv om laksenæringa tener godt i dag, er det naivt å tro at den reorganiserer seg til ei næring i økologisk balanse når ingen viser fram kva føremoner dette vil gje alle.

Korkje samfunn eller næring treng ein servil myndigheit som snakkar dei etter munnen, og det må på plass klare økologiske rammer som leiar næringa i berekraftig lei. Det finst gründerar som står klar om staten gjev oss ei handsrekning.