Svar til Svein Ove Haugland sitt innlegg i Fiskeribladet «Råfisklaget presiserer om salgslagsavgift på utanlandske landingar av fisk».

Svein Ove Haugland har rett i at Sjømat Norge ikkje har stilt spørsmål ved om utanlandske landingar er omfatta av fiskesalslagslova. Det var heller ikkje poenget i kommentaren min.

Vi har ganske enkelt stilt spørsmål ved om nivået på avgifta er rimeleg, når ein tek omsyn til dei tenestene som blir utførte, og når ein tek omsyn til kven Råfisklaget er til for.

I forsvaret for Råfisklaget si innkrevjing av lagsavgifta har Svein Ove Haugland eit par avsporingar som er vanskelege å henge med på. For det første gjer Haugland eit poeng av den heilt teoretiske opninga for at utanlandske fiskarar kan bli medlemmer i samvirkeforetaket Råfisklaget, om dei bur i regionen.

Det er ingen grunn til å tru at russiske fiskarar har det minste behov eller interesse av å busette seg i Råfisklaget sitt distrikt for å vere med i eit samvirkefortak som driv for og med norske fiskarar? Skal ein betale for den teoretiske opninga for å vere medlem? I vedtektene til Råfisklaget § 17 viser ein til fiskesalslagslova § 9 om fastsetjing av lagsavgift; «Utover innkrevet avgift i henhold til fsl. § 9 skal medlemmene ikke betale medlemskontingent». I praksis gjer dette at importørane, ofte fiskeindustrien, er med på å finansiere drifta av eit fiskarstyrt samvirkeforetak.

I den andre avsporinga gjer Haugland ei kopling mellom sosiale standarar om bord i fiskeflåten og innkrevjing av avgift. Lagsavgifta går, som Haugland er god kjent med, til drift av norske salslag og ikkje til løn til utanlandske fiskarar. Vi vil også understreke at Sjømat Norge er opptatt av eit anstendig arbeidsliv, og arbeider tett saman med mellom anna NNN og Norsk Sjømannsforbund for å sikre dette. Allmenngjering av fiskeindustritariffen er eit godt døme.

Det er vidare eit faktum at Råfisklaget utfører ei meir avgrensa teneste for utanlandske landingar enn det som tilfellet er for dei norske. Sagt på ein enkel måte; dei har mindre arbeid knytt til desse landingane samanlikna med norske. Dette fordi dei utanlandske reiarlaga ikkje ønskjer at oppgjeret skal skje gjennom laget.

Ein enkel import av 100 tonn fryst torsk vil med dagens prisar få følgje av ein faktura frå Råfisklaget på rundt 15.000 kroner. Knut Helge Vestre i Coldwater Prawns of Norway har i eit lesarinnlegg i Fiskeribladet gitt fleire døme på korleis lagsavgifta slår ut ved import. I 2019 hadde Råfisklaget ei samla inntekt på 14 mill. kroner knytt til utanlandske landingar.

Råfisklaget er opptatt av at det skal vere like avgifter for utanlandske og norske landingar, sjølv om tenestene som blir levert både direkte og indirekte er ulike. Dette grunngjev Råfisklaget med at ein er opptatt av like konkurransevilkår.

Men det er ikkje like konkurransevilkår når vi i Norge legg ei avgift på import av utanlandsk fisk, medan konkurrerande nasjonar ikkje gjer det same. I praksis er det norsk fiskeindustri som betalar avgifta. Dersom ikkje industrien dekker dette særnorske mellomlegget, går båtane andre stadar. Norsk industri må betale meir enn utanlandske konkurrentar for det same råstoffet, og meirkostnadene svarar til lagsavgifta.

Referanseramma til Haugland når han snakkar om like konkurransevilkår er avgrensa til flåten. Det er ei tenking som salslaga har fått leve godt med lenge. Men det kan kome ei ny tid også for dei. I mellomtida er realiteten at fiskeindustrien risikerer å miste verdifullt utanlandsk råstoff som følge av særnorske avgifter.