Mangelen på semje har ført til eit betydeleg overfiske det siste tiåret.

Fiskebåt tar til orde for å ordne opp i den langvarige striden mellom EU, Storbritannia, Færøyene, Grønland, Russland, Island og Noge om korleis makrellkvotene skal fordelast mellom nasjonane.

Audun Maråk, adm.dir. i Fiskebåt Foto: Arne Fenstad

Forhandlingane mellom kyststatane om kvotene for 2022 startar i Lodon tysdag 19.oktober. Veka etter er det forhandlingar om norsk vårgytande sild og kolmule.

Fiskebåt, saman med norske fiskeristyresmakter, ser ut til å treffe innerblink med makrellreguleringa. La oss håpe at også kystflåten får betre tilgjengeligheit i dagane som kjem, og at også verforholda spelar på lag.

Norge vil uansett fiske mellom 90 og 100 prosent av makrellkvota, og ei eventuell restkvote vil kunne overførast til neste år. Med lærdomen frå i år, vil Norge ha null problem med å fiske 35 prosent av TAC (totalkvota) på makrell.

Mange norske fiskarar gir uttrykk for at dei foretrekker årets makrellregulering, framfor den vi hadde tidlegare år. Dette har sjølvsagt samanheng med at den tidlegare andelen på 22,5 prosent til Norge, er altfor lavt i forhold til dei vitskaplege data vi har om makrellbestanden.

Utfordringene i forhandlingene er særleg spørsmålet om gjensidig tilgang til landa sine fiskerisoner og andelsfordelingen.

Forhåpentlegvis innser Storbritannia at dei er tent med felles sonetilgang med Norge. Ikkje berre for makrell, men generelt på pelagiske artar og botnfisk. Ein allianse mellom Norge og Storbritannia er det som på lengre sikt kan gi best resultat for Storbritannia og Norge når det gjeld den framtidige makrellfordelinga og forvaltninga av fellesressursane i Nordsjøen.

I Fiskebåt sine møte med den britiske fiskeriministeren, og våre søsterorganisasjonar i Storbritannia, har dette vore eit sentralt punkt i samtalane.

Makrellen si tilhørigheit til farvatna i Storbritannia og Norge er og har alltid vore sterk.

På motsatt side har vi Island og delvis Færøyane, med historisk lite eller ingenting av makrell i eigne farvatn. I tillegg har vi sjølvsagt internasjonalt farvatn der Russland har auka sitt fiske, saman med blant andre Island og Færøyne.

Ein kronikk om dette blir i desse dagar publisert i britiske medier