Struktureringa av den norske fiskeflåten blir i svært mange kretsar framstilt som det store syndefallet i fiskeria, men strukturering har antakeleg føregått sidan tidas morgon.

Øystein Sandøy i Sjøvær Havfiske AS Foto: OLE ERIK KLOKEIDE

Utsette kystsamfunn vart utarma, fiskarar vart arbeidslause, store delar av kysten vart fråteke livsgrunnlaget, døra vart stengd for nye, ambisiøse aktørar, prisen på kvoterettane gjekk til himmels, og den ressursen som skulle kome heile landet til gode, vart privatisert. Attende på toppen sat nokre få, steinrike kapitalistar, også kalla kvotebaronar. Flirande heile vegen til banken medan dei planla storleiken på den nye lystyachta, og fargen på Mercedes’en.

Slik er det. Opplese og vedteke. Men stopp litt: Kva om vi kallar struktureringa for nettopp det som så godt som alt næringsliv og all aktivitet for lenge sidan innsåg at dei ikkje kunne kome klar: Rasjonalisering. Og så må sjølvsagt — dessverre — nemnast elefanten i rommet: Det norske kostnadsnivået.

Oljealderen har gitt oss store velsignelsar, men baksida av medaljen er at store delar av norsk næringsliv har tapt i konkurransen med utlandet. Vi har prisa oss ut. Ikkje minst innan fiskeindustrien, der til dømes filetproduksjon i mange kystsamfunn har bukka under.

Er det verkeleg nokon som i fullt alvor meiner at fiskeflåten kunne unndra seg dei prosessane som all anna verksemd dagleg må leve med? At vi skulle kunne halde oss med ein tre-fire gonger så stor flåte som det ressursane gav grunnlag for?

Styresmaktene sette i si tid nevane i sida, og fortalde oss at den statlege pengekranen no var stengd. Aktørane fekk grei beskjed om å drive si verksemd på sjølvstendig økonomisk grunnlag. Det var reine ord for pengane, og løysinga vart; ja nettopp: Rasjonalisering.

Sjå dykk om. Kva hende med til dømes den norske tekoindustrien? Kven klandrar bonden for at han kjøper tilleggsjord for å styrke livsgrunnlaget sitt? Kor er det blitt av kjøpmannen på hjørnet? Kvifor slo i si tid Fiskaren og Fiskeribladet seg saman? Svaret er — dessverre? — at vi alle er underlagde ein dynamikk som gjer seg gjeldande, same kva politikarane våre måtte meine, seie og gjere. Som Inge Halstensen brukar å seie: Ingen kan stogga Donau.

Rasjonalisering er stillteiande akseptert i det norske næringslivet. I mange tilfelle applaudert. Men ikkje i fiskeria, eller innan sjømat i det heile. Store delar av opinionen synest å meine at denne næringa skal frikoplast frå den tyngdelova som all anna verksemd dagleg må leve med. Sjølvsagt må det seiast at også struktureringsmedaljen har si bakside.

Kvoterettane er mildt sagt svindyre, og det kan for mange vere ei gåte korleis lønsemda i dette har vore rekna heim. Men det får vi heller overlate til aktørane, og så må dei «face the music» dersom reknekunnskapane ikkje har vore gode nok, og bankane i overkant slepphendte.

Rasjonalisering i form av strukturering er beisk og kostbar medisin. Men eg er overtydd om at alternativet er mange gonger verre, og i det lange løp atskilleg dyrare. For skattebetalarane.