Fiskarlaget Vest, Møre og Romsdal Fiskarlag og Sør-Noregs Notfiskarlag viser til brev av 30. mai 2022 frå Hardanger Villfisklag om «Forvaltinga av brisling i Hardangerfjorden – krav om at fisket ikkje vert opna i 2022 og at det vert innført 10 års freding snarast råd.»

Me vil vise til at kystbrislingen er ein kortliva art som berre blir 3–4 år. Havforskningsinstituttet har dei siste åra endra toktprogrammet sitt slik at det blir gjennomført like før fisket blir opna, og dei har tatt i bruk kajakkdrone. Dette gjev dei ein betre oversikt enn tidlegare, og heilt andre resultat enn tradisjonelle metodar. Kvoteråda som er gitt tidlegare år er difor ikkje treffande og biomassa er dokumentert underestimert.

Kraftfull reproduksjonsevne

Årsaka til at brislingbestanden over tid har gått ned er andre tilhøve enn fiskeri. Miljøtilstanden i fjordane påverkar bestanden. Brislingen har likevel ein kraftfull reproduksjonsevne, for om tilhøva ligg til rette kan bestanden blomstre frå nesten ingenting til store volum på eitt år. Fiskarane/fiskerinæringa har den sterkaste interessa i å vareta bestand og miljø. Fiskarane har sjølv òg bidratt ved å auke minstemålet for ein del år sidan, noko som viser ansvar frå næringa.

Ein av årsakene til at Fiskeridirektoratet har kunne sett kvoten noko høgare enn råda frå Havforskningsinstituttet, utan at det er til fare for bestanden, er at havforskinga brukar modellar for meir langtliva artar som ikkje er like relevante for brisling. I tillegg må Fiskeridirektoratet leggje til rette for eit visst fiske, om det er grunnlag for det.

Hauste av overskotet

Talet på fiskarar som deltar i brislingfisket i Hardangerfjorden, og elles, kan variere mellom anna ut ifrå kva alternative fiskeri ein har i den same perioden og om ein finn det rekningssvarande ut ifrå fastsett kvote.

Ein vil vise til at brislingfiske i fjordane, inklusiv Hardangerfjorden, har lange tradisjonar. På bakgrunn av ovannemnde føreset ein at det blir opna for kystbrislingfiske i Hardangerfjorden i 2022, om ikkje eit kunnskapsbasert tokt tilseier noko anna.

Norge har tradisjon for å hauste av overskotet. Noko som gjev verdiskaping for samfunnet.