Dette er en kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribentens holdning.

Desse linjene skrivast høgt til fjells. Nærmare bestemt på Strynefjellet, saman med svigerinne Oddbjørg og svoger Olav på hytta deira på Grotli. Vi har det som plomma i egget og fisken i vatnet saman med verdas kjekkaste og mest gjestfrie svigerinne og svoger, med god mat og litt godt i eit glas eller to.

Øystein Sandøy, svoren kystbu og pensjonert fiskar Foto: Privat

Men kva gjer ein svoren kystbu og pensjonert fiskar langt pokker i vald oppe på høgfjellet? Ikkje ser ein havet, båten ligg att nede i låglandet, og utsikta mot havet og fjorden er erstatta av utsyn mot fjellvidder med sparsam vegetasjon.

Ein som gjennom heile sitt yrkesliv er van med å sjå blått hav og horisonten rundt må jo aldeles få abstinens, høgdeskrekk og klaustrofobi.

Heimlege strender

Det får han ikkje! Litt miljøforandring er alltid av det gode, og Norges land kan by på det meste i så måte. Havet og kysten har sin absolutte sjarm, fjellet har sin, og innlandet og storbyane er slett ikkje å forakte, dei heller.

Alle regionar, bygder og byar har sin innarbeidde kultur, særeigenheiter, omgangstonar og livsformer, og dei har vi alle godt av å oppleve.

Motstykket er heimfødingar med avgrensa horisont, og det er ein bås dei færraste vil plasserast i. I våre dagar har vel dei aller fleste opplevd Syden, vi blir meir og meir bereiste rundt om i den store verda, men «når vårsol i bakkane blenkte fekk han hug til si heimlege strand». Og den stranda er gamlelandet, «furet, værbitt» som det no eingong er.

Meny frå kysten

Vi har ikkje hytte sjølve. Desto kjekkare er det då å bli invitert til å tilbringe helga saman med kjære familiemedlemer i deira private paradis. Vi pakkar bilen med alt som trengst av mat og drikke, og etter berre rundt to og ein halv time, så er vi der.

Menyane er planlagde til minste detalj, og ber sjølvsagt preg av at det er kystbuar og fiskarar som er i sving på høgfjellet. Olav serverer sjølvfiska hummar, vi stiller med flott lutefisk frå Brødrene Berg på Værøy, og til frukost fråtsar vi i røykjelaks, eggerøre, og madammen og Oddbjørg sitt heimelaga, utsøkte sylteflesk. Litt sjølvprodusert sursild og tomatsild syter for ytterlegare assosiasjonar til sjø og hav. Øl, vin og akevitt må til, men vi står over det til frukost. Det får vere visse grenser ….

Hyttesnylting

Fruen og eg har lansert eit nytt omgrep: Hyttesnylting! Det tyder rett og slett at Oddbjørg og Olav blir plaga av oss med jamne mellomrom, og mi kjære søster Gunn og svoger Helge har nyleg bygd seg hytte på Hodlekve i Sogndalsdalen.

Så langt har det berre blitt eitt besøk, men det er ingen mangel på planar om når vi snyltarane legg vegen dit. Same greia; berre rundt to og ein halv time i bil. Det er jo eit poeng, dette, at hyttene ligg i såpass overkomeleg avstand heimanfrå at ikkje halve helga går med til å kome seg til og frå.

Eg vil tru at vi alle likar å kjenne litt på ymse kontrastar. I vårt tilfelle tek vi turen opp til Strynefjellet, og berre ein liten times biltur vidare, så er vi i dalstroka innafor, i Ottadalen. I ein heilt annan natur, og eit anna miljø enn vårt daglege.

Likeins kan eg tenkje meg at våre vener på Austlandet likar å oppleve kystkulturen, med båtliv, fisking, og elles alt som norskekysten kan by på. Det vere seg både i sør, vest og nord. Til dømes Lofoten vinterstid, med sin natur, yrande liv og aktivitet må fortone seg som eit storslått eventyr for ein person heimehøyrande i Østerdalen.

Eller kva med ein stormdag på Stadlandet, ein tur med hurtigruta frå Tromsø til Kirkenes, eller berre sol og havblikk på Sørlandet? Gamle mor Norge har noko for einkvar smak.

Badar i trivsel

Vi nordmenn skal visstnok vere bortimot verdensmeistarar i hytte-eigarskap. Det synest eg faktisk vi skal vere stolte over. Både at vi kan ha ein fristad som vi kan trekkje oss attende til, og ikkje minst at vår alminnelege velferd gjev rom for det.

Nokon føretrekkjer fjellet, andre kysten og sjøen, og atter andre noko midt i mellom. Somme hytter er dei reinaste palass, men brorparten er nok tilpassa dei enkelte sine behov og lommebok. Mange er sikkert fullstendig primitive, utan straum og innlagt vatn, men har gått i arv opp gjennom generasjonane, og er fullpakka med tradisjonar og gode minne.

Meir skal det ikkje til for at Ola og Kari er konge og dronning på si eiga tue.

Eg bryggjer ein Irish Coffee til Olav og meg, Oddbjørg og Kari nyt kvart sitt glas god vin, praten går, og vi formeleg badar i trivsel og velvære.