Dette er en kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribentens holdning.

At eg har gått i krigen for landbruket i det siste, kjem av at nye nordiske kosthaldsråd angrip kjøtt og særleg raudt kjøtt frå kua, sauen og geita.Samtidig framhevar eg kor viktig fisken er – og kor glad eg sjølv er i nettopp sjømat, slik som i dette tidlegare svaret til Fiskeribladet. Derfor er trist at Fiskeribladet har klart å mistolke mine ytringar om fisk og kjøtt for andre gong denne sommaren.

– Ikkje motstandar av fisk

Det er nemleg ingen som helst grunn til å framstille meg som ein motstandar av den verdifulle ressursen og gode matvara som fisk er. Viss fisken i nye kosthaldsråd eller på anna vis blir angripen like hardt som kjøtt blir for tida, lovar eg å gå i krigen for denne like tydeleg som eg har gjort for kjøtt.

Det er svært unødvendig av Fiskeribladet på leiarplass den 21. juli å gjera kampen for landbruket til ein kamp mot fisken. Bladet framstiller meg og to partifellar som sidrumpa fiskemotstandarar utan grunn. Det står mellom anna: «Det er sjølvsagt mange ulike årsaker til den negative utviklinga på grønt og fisk. Pris er ein viktig årsak, men også de politiske valgene våre folkevalde har gjort har bidratt til ein negativ utvikling. Det hjelper for eksempel ikkje at markante Sp-toppar som Sandra Borch, Jenny Klinge og Geir Pollestad er imot ein kvar endring (…).

Geir Pollestad har nyleg avløyst Sandra Borch som mat- og landbruksminister. Begge har fått mykje pes for eit felles utspel under overskrifta «Kjøttfri middag er ikkje middag» i Dagbladet 17. mars i år. Eg skal ærleg innrømme at eg reiv meg i håret sjølv òg då eg såg den overskrifta.

– Middag utan kjøtt?

Men medias vegar er uransaklege, og innhald kan bli forandra eller spissa. I det opphavlege sitatet i Dagbladet frå 17. mars i år, seier Borch nemleg: «Middag utan kjøtt? Da er det ikkje middag. Det må alltid vere kjøtt eller fisk.» (Sidan har vel også Borch lagt vekt på at kjøttfri pai også er middag.)

Eg for min del ønskjer velkomen auka forbruk av både kvalkjøtt, fisk og skaldyr og prøver ofte å snakke fram slik god mat.

I Senterpartiet prøver vi bidra til kloke vedtak som gjeld fiskerinæring og havbruk. Målet er å ta vare på viktige naturressursar for framtida og fremme verdiskaping og utvikling, som når vi no arbeider med den komande kvotemeldinga i regjeringssamarbeidet med Ap. I denne jobben er vi sjølvsagt heilt avhengige av gode innspel frå næringane sjølve.

Tydelege meiningar og innspel frå Fiskeribladet er også svært velkomne i arbeidet. Men bladet må ikkje halde fram med å innbille folk at eit forsvar for norsk grasbasert landbruk er eit angrep på fisken – eller eit teikn på at nokon er mot å auke forbruket av fisk i befolkninga.

Fiskeribladet må heller ikkje innbille seg sjølve eller lesarane at nordmenn må eta mindre raudt, norsk kjøtt for at det skal vera mogleg å auke forbruket av norsk fisk. Den store auken i kjøttforbruk dei siste tiåra har nemleg vore på kraftfôr-fôra kylling som ikkje beitar i utmarka eller held kulturlandskapet ope. Dessutan bør folk oppfordrast til å velje bort utanlandsk kjøtt i butikken og i restauranten.

– Vi må dra i same retning

Som eg skreiv i mitt tidlegare svar til Fiskeribladet, som det er lenke til øvst i dette innlegget: «Berre i overkant av ein halv promille av energiinntaket til nordmenn er frå fisk per i dag. Vi kan definitivt eta langt meir fisk utan å redusere kjøttforbruket frå norske drøvtyggarar.

Vi kan også dyrke meir frukt og grønt, men proteinhaldige plantevekstar har ikkje gode vekstvilkår hos oss. Derfor er vi avhengige av proteinet frå norskprodusert kjøtt, fisk, mjølk og egg i kosten vår.»

Skal ein lukkast med å løfte norsk fisk og sjømat, må ein ikkje gjera ven til uven. Vi bør heller dra godt i same retning, alle vi som er opptekne av norsk mat og matberedskap med utgangspunkt i både havet og landjorda.