Dette er en kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribentens holdning.

Kommune-og fylkestingsvalet er over, og når dette skrivast, pågår finteljinga rundt om i kommunane. Kryssingar og slengarar skal teljast opp, og taburettane fordelast på namn. Raudfargen til Arbeidarpartiet og grønfargen til Senterpartiet har bleikna tilsvarande.

Meiningsmålingane i forkant tydde jo og på det.

Øystein Sandøy, fisker og skipper på linefartøyet «Sjøvær». Foto: Privat

Direkte pinleg

Eg venta med å klore ned dette vesle skrivet til etter valet, og vi alle kunne sitje med fasiten i handa. Men det kokte brukbart under topplokket etter dei ymse debattane, i den grad eg gadd å ofre tid og engasjement på dei. Svært ofte blir eg rett og slett ille berørt, og finn mange av debattantane - som regel rikspolitikarar og partileiarar - sin ordbruk og oppførsel, direkte pinleg. Desse debattane gjev meg meir og meir assosiasjonar til eit hønsehus, der hønene kaklar om kven som har lagt dei beste egga!

For ordens skuld: Vi snakkar om eit kommune-og fylkestingsval, der grasrota skulle velje sine tillitspersonar i lokalt styre og stell dei neste fire åra. Då bør rikspolitiske saker tonast ned, og fokus setjast på dei mange utfordringane som må løysast i kommunestyre, og på fylkesting. Og dei er mange!

Å sy saman eit kommunalt budsjett der alle får sitt, er blitt ei øving som meir og meir kallar på personar med hang til sjølvplaging. Dei må orientere seg i ein jungel av lovpålagde oppgåver, ei komande eldrebylgje, nedslitne skular som manglar kvalifiserte lærarkrefter, og eit næringsliv som bør ha såpass armslag at drifta blir lønsam nok til å syte for trygge arbeidsplassar og kjærkomne skatteinntekter.

Det rikspolitiske fokus

Det er når det gjeld sistnemnde at eg kjem i stuss om rikspolitikarane våre eigentleg veit kva som rører seg ute i kommunane. Kanskje først og fremst dei kystkommunane som har sitt ve og vel kvilande på alle former for maritim verksemd. Det vere seg fiskeri, oppdrett, leverandørverksemd, tenesteyting, kommunikasjonar, ja; alt som har havet og kysten som utgangspunkt for sitt daglege, vonalege velvære.

I dag kan ein dessverre sitje att med eit lite tiltalande inntrykk av at desse si absolutt overordna oppgåve er å syte for at skattepengane renn inn i jamt, og stadig aukande tempo. Utan tanke på at soliditet og god likviditet er eit absolutt must for eikvar bedrift som tek mål av seg til å vere oppegåande og framtidsretta. Det kan godt vere at oppdrettarane våre står i nokre kroner meir i skatt utan å bli påført ulivssår, men no etterkvart synes det politiske fokus å vere på kun to ting: Høg inntening, og at dei visstnok (mis?)brukar vårt sams hav til å tene seg urettmessig rike.

Lakseskatten

Stemmer dette? Har brorparten av det norske folk noka naud av at kyststripa vår blir brukt til verdiskapande verksemd, og må dei ha betalt for det? Bør det ikkje vere ei oppgåve for våre politikarar å dukke grundigare ned i denne materien, kunne historia, og vite at den - enn så lenge? - maritime stormakta Norge treng til dei grader bedrifter og reiarlag langs kysten som driv godt og profitabelt, held folk i godt løna arbeid, og ofte er berebjelkar i kommunane sine?

At det kostar rundt 50 kroner å ale fram eit kilo laks, at utgiftene aukar jamt og trutt, risikoen er stor, og der alt heng på ein verdensmarknad som når som helst kan snu vrangsida til. Kan det vere at valresultatet syner Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum at den såkalla lakseskatten, og måten han vart innførd på ikkje akkurat var politisk handverk som sto til toppkarakter?

Kardemomme By

Det er beklageleg, men valresultatet kan tyde på at store delar av statsmakta er i utakt med den jamne mann og kvinne som dei påstår å representere. Tankegangen synes å vere at aukande statlege inntekter – les; skatt og avgifter – er det sesam sesam som skal løyse alle problem, og jamne vegen fram mot den Kardemomme By der alle er greie og snille og gjer som politimeister Bastian vil, og der alle er like og har like mykje.

Problemet er berre at ein i verste fall endar opp med at alle har like lite!