Dette er en kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribentens holdning.

Før stortingsvalet hausten 2021 fekk politiske parti på Vestlandet mange invitasjonar frå landbruksorganisasjonar om møter og orienteringar. Ja, faktisk blei det lagt opp til heile 5 dagar med «kursing» av fleire tema på ulike stader i Vestland fylke.

Invitasjonen blei òg følgt opp med passeleg, godmodig «press» om å møte opp, og det hadde verknad. Vi møtte opp og fekk auka kunnskapen vår om norsk landbruk. Formålet var sjølvsagt å gi stortingskandidatane kunnskap om utfordringar og sider ved landbruket som var viktig for organisasjonane, og bak det igjen eit heilt legitimt ønskje om politisk velvilje i saker som har med næringa å gjere.

Olve Grotle er fiskeripolitisk talsperson i Høyre Foto: Anders Furuset

Veit for lite

I 2021 stod sjømatnæringane våre for 120 mrd kroner i verdiskaping, 34 mrd kroner i skatt, og over 105 000 sysselsette. Alt dette ifølgje rapporten «Ringvirkninger av sjømatnæringen i 2021» utarbeida av Menon Economics, Nofima og Norce på oppdrag frå FHF. Vi har ikkje tal for 2022, men vi kan trygt gå ut frå at desse har auka. Tal for eksport er alt klare, og dei viste at vi eksporterte sjømat for rekordhøge 151 mrd kroner i fjor, mot 120 mrd i 2021.

Med slike verdiar skulle ein tru at sjømatnæringa stod lang framme i pannebrasken hos politikarane våre, og at allmennkunnskapen om næringa var høg. Eg vågar påstanden om at det ikkje er tilfelle. Tvert om meiner eg mange politikarar på kommune-, fylkes- og riksnivå veit for lite om det som er den nest størst eksportnæringa vår etter olje- og gass, og som er den viktigaste næringa og drivaren for vekst, aktivitet og utvikling langs kysten vår.

Stor grad av individualitet

Eg meiner at ei høgaktuell sak som har pågått sidan i slutten av september i fjor, nettopp vitnar om for lite kunnskap om sjømatnæringa og kompleksiteten denne har.

Forslaget til grunnrenteskatt på havbruk har nemleg etter mitt syn både avdekka store kunnskapsmanglar og manglande forståing for sentrale sider ved sjømatnæringa i mange politiske miljø. Ja, faktisk heilt opp til den politiske leiinga i landet vårt.

Det må først og fremst vere dei som manglar kunnskap som må gjere noko med det, og gjerne mest gruppa av rikspolitikarar eg sjølv tilhøyrer. Eg vil likevel vere freidig nok til å peike på sjømatnæringa sjølv må bere noko av ansvaret for kunnskapsløysa hos oss folkevalde.

Det er forståeleg at ei næring som historisk og tradisjonelt ikkje har vore så avhengig av politisk gunst slik som for eksempel landbruksnæringa, ikkje har vore opptatt av å pleie gode politiske relasjonar.

Særleg ettersom både fiskeri- og havbruksnæringa ikkje mottar subsidiar eller tilsvarande støtte, men tvert om er ein svært stor netto positiv bidragsytar til statskassa.

Og utan eit ønskje om å fornærme nokon, kan det kanskje òg ha noko med aktørane i næringane å gjere; der liberale yrker med stor grad av individualitet og ønskje om å drive næringa utan unødvendig politisk og statleg innblanding, kan ha spelt ei rolle.

Lær av landbruksorganisasjonane

Uavhengig av dette meiner eg altså at sjømatnæringa nå bør ha stor interesse av å bli meir bevisst og aktiv på å gi omverda kunnskap om kva dei held på med. Vidare meiner eg at dette ikkje berre kan overlatast til organisasjonane, men òg må gjelde dei enkelte sjømat-bedrifter.

Desse må rett og slett ha meir fokus på å formidle alt det positive som skjer i næringa; verdiskapinga, sysselsettinga, ringverknadane og det sterke fokuset det er blitt på miljø og berekraft. Ja, kort sagt det store samfunnsoppdraget sjømatnæringane våre har, og kor godt dette blir handtert.

Heldigvis er det ikkje for seint. Tvert om kan heile grunnrenteskatten og diskusjonen kring denne, gi eit godt rom for sterkare og betre kontakt med dei politiske miljøa rundt om i landet. Til dette kjem at vi nå nærmar oss eit kommune- og fylkesval, noko som vil gi mange gode muligheiter og arenaer til å kome i kontakt med politikarar i positiv valkamp-modus. Så kvifor ikkje invitere dei politiske kandidatane til omvising på ein fiskebåt, eit oppdrettsanlegg eller i eit fiskemottak?

Og kvifor ikkje lære meir av det landbruksorganisasjonane gjer?

Kva med dagskurs i fiskeri- og havbruksnæringane våre, gjerne avslutta med ein smakebit av verdas beste sjømat?

Inviter oss

Dette må sjølvsagt kome i tillegg til alt det mange gjer av stor og viktig innsats for sjømatnæringane våre, anten dette gjeld offentlege organ, bransje- og arbeidslivsorganisasjonar eller andre. Desse må sjølvsagt framleis halde fram med den svært gode jobben dei gjer, ikkje minst gjeld det orienterings- og opplysningsarbeidet retta mot dei som har ansvar for å levere kunnskapsgrunnlag til politiske vedtak, slik som byråkratiet, direktorata, samfunnsøkonomi-miljøa våre, utdanningsmiljø og andre.

I rolla mi som fiskeri- og havbrukspolitisk talsperson for Høgre er eg så heldig at eg får besøke bedrifter og sjømat-miljø over heile landet, heile året. Nå håper eg altså at bedriftene og sjømat-miljøa våre ser sitt snitt til å gjere mange andre politikarar like heldige. For kva kan vel vere betre enn å få ein invitasjon til å få vite meir om den mest fantastiske næringa vi har?