Dette er et debattinnlegg. Det gir uttrykk for skribentens holdning.

For ein liten månads sidan hadde vi årsmøte i Vest-Norges Fiskesalslag. Møtet hadde vore utsett nokre veker, då styreleiar Tonny Grotle dessverre omkom i ei tragisk arbeidsulukke den 15. mai. Eit særs hardt og tungt slag for oss alle. Tonny var dyktig i alt han gjorde, og naut uavgrensa tillit i alle fora. Vi lyser fred over minnet hans, og ynskjer den nye styreleiaren Geir Magne Røys all lukke til.

Øystein Sandøy i Sjøvær Havfiske AS Foto: Ole Erik Klokeide

Berre aktive fiskarar

Som dei fleste lag og organisasjonar innanfor fiskeria er også Vest-Norges Fiskesalslag noko mannsdominert. Det har for så vidt si naturlege forklaring, då det er vedtektsfesta at berre aktive fiskarar kan ha styreverv i salslaga.

Heldigvis har vi unge og dyktige Inger Marie Høyland i styret, og vona er at ho brøytar veg for fleire av sine medsøstre.

I dag krevjast det meir og meir at dei ymse styresamansetningar skal ha ein tilnærma kjønnsbalanse. I klårtekst vil det seie 40 prosent kvinner. Etter mitt syn er det i skjønnaste orden, då Vårherre vitterleg skapte menneska i to utgåver: kvinne og mann. Dyktigheit, vit og forstand er garantert nokså akkurat delt 50/50. I ei ideell verd burde heile denne diskusjonen vere fullstendig unødvendig.

Men så enkelt er det ikkje. For å halde meg til lag og organisajonar innan fiskeria, så har det vore kutyme at det er dei aktive som skal sitje i styra, og meisle ut retningslinjene. Dette er som sagt vedtektsfesta.

Men så er det dessverre slik at berre 3-4 prosent av norske aktive fiskarar er kvinner, og då utartar det ei vill jakt på dei få vi har. Likevel vil ein ikkje kome i nærleiken av 40-prosenten.

No syner rett nok statistikkane at antal kvinnelege fiskarar aukar jamt og trutt, men det vil utan tvil krevje endring av vedtektene for å få oppfylt styresmaktene sitt krav om tilnærma kjønnsbalanse.

Kompetente kvinner

Det bør ikkje vere noko «big deal». Vi finn dyktige kvinner i alle bransjar og samfunnslag, og eg er nokså sikker på at mange av dei ville yte verdifulle bidrag i eit kva som helst styre, både i fiskeria og elles.

Kystkvinnene er vel vande med å vere sjølvhjelpne, og i våre dagar innehar dei utdanning og kompetanse som heilt sikkert er relevant; då sjølvsagt og når det gjeld å omsetje fisk på første hand.

Likeeins i organisasjonslivet!

I det nyetablerte Sør-Norges Fiskarlag finn vi to kvinnelege styremedlemer, før nemnde Inger Marie Høyland, og dagleg leiar i Lending-reiarlaget i Solund, den særs dyktige og oppegåande Linne Lending. I Fiskebåt Vest, vår lokale avdeling i Fiskebåt har vi både kvinneleg leiar og nestleiar.

Har den autoritet som trengst

Trålreiaren Janne-Grethe Strand Aasnæs, og dagleg leiar i «Fiskebas»-reiarlaget i Florø, Siv Madsen, er kompetente til alle fingerspissar, og innehar i fullt mon den autoritet som trengst. Desse damene pirkar ein på nasen berre EIN gong!!

Det ville unekteleg vere ei fjør i hatten at dinosaurane i den mannsdominerte sjømatnæringa – av alle - var dei som brøytte vegen, og la til rette for at 40-prosenten sakte og sikkert vart oppnådd. Det er år og dag sidan vi tok inn over oss at utan mødrene og konene våre, så gjekk det heile i stå.

La oss ynskje kvinnene våre velkomen i styre og stell i alle næringar, inklusive sjømatnæringa.

Når Margaret Thatcher, Vigdis Finnbogadottir, Gro Harlem Brundtland og Angela Merkel kunne styre heile nasjonar, så klarer utvilsamt våre skjønne kvinner å sy saman nokre heilt alminnelege, skapelege styrevedtak.