I januar 1842 kom den norske skonnerten Nordstjernen seglande inn hamna i Rio de Janeiro.

Om bord hadde dei med seg gullstandarden når det gjeld norske produkt; (klipp-) fisk. Skuta tok med seg brasilianske kaffi tilbake til Norge, og med det var klippfiskfarten mellom Norge og Brasil i gang.

Olve Grotle (H) sit i næringskomiteen. Foto: Stortinget

Ein driftig sunnfjording

Norge har altså 180 år med sterke fiskeri- og handelstradisjonar i dette enorme landet med nærmare 220 millionar innbyggarar. Det kom også fram på det første besøket vårt.

På møte med Norwegian Business Center i Rio de Janeiro, kunne nemleg brasilianaren Tom Ringseth fortelje næringskomiteen den fascinerande historia om Andreas Jensen Hollevik frå Askvoll i Sogn og Fjordane.

I 1912 tok den driftige sunnfjordingen den lange reisa frå Askvoll til Brasil. Her etablerte han det første selskapet som starta med direkte klippfiskhandel mellom Norge og Brasil.

Før den tid hadde salet funne stad i regi av hanseatarane, eller med desse som mellommenn. Alt dette ifølge Ringseth. Tom Ringseth sin far utvandra også frå Norge, og overtok etter kvart Hollevik-firmaet. Og nå har den norsktalande Tom Ringseth begynt i den 110 år gamle klippfisk-bedrifta. Han er forresten ikkje den einaste brassen med norske røter, som handlar det fantastiske norske produktet. Eg møtte fleire brasilianarar med imponerande kunnskap om Norge og «Bacalhau».

Usikker marknadstilgang

Potensialet for klippfisk, og andre norske sjømatprodukt, er svært stort i Brasil. Og trass høg inflasjon (10,12 % i 2021), politisk ustabilitet og svak brasiliansk valuta, real, held klippfisken stand i den krevjande brasiliansk marknaden. Norge var i 2021 marknadsleiar både i verdi (737 mil.) og volum (15 734 tonn) i Brasil.

Inflasjon, svak valuta og svekka kjøpekraft er likevel ikkje den største handelshindringa for norsk klippfisk i Brasil. Usikker marknadstilgang er næringa si største bekymring, og fører konkret til at eksportørar vel andre marknader enn Brasil.

Føreseieleg marknadstilgang, basert på internasjonale handelspremissar, er derfor avgjerande for eksisterande og framtidig eksport til Brasil. Ratifisering og implementering av handelsavtalen mellom EFTA og Mercosul vil vere eit langt steg i rett retning. Det same gjeld også for andre fiskeslag og fiskeprodukt vi eksporterer til denne enorme marknaden.

Laksen

Kva så med norsk laks, tenkjer du kanskje? Her er bildet eit heilt anna. Chile har 100 prosent marknadsdel på laks i Brasil, og Norge har praksis vore utestengt sidan 2012. Brasilianske styresmakter har i fleire år arbeidd med ei biologisk risikovurdering av norsk laks, og det har fleire gonger vore kontakt mellom brasilianske og norske veterinærstyresmakter om dette.

Så langt har det dessverre ikkje kome noko løysing. Dermed går norske oppdrettarar glipp av det 7. andre største laksemarknaden i verda. Ein marknad som er så stort at det blir hevda at Chile ikkje greier å dekke etterspørselen frå det enorme landet i Sør-Amerika.

Slik kan vi ikkje ha det. Under eit besøk i parlamentet i Brasilia og etterfølgande møte med fleire senatorar, tok eg derfor både opp den tradisjonsrike handelen med klippfisk og utfordringane med fersk norsk laks. Responsen var god, og i eit etterfølgande møte blei vil samde om å arbeide i lag for å få dette til.

For i tillegg til «Bacalhau da Noruega», må brasilianarane også få nyte «Salmão da Noruega»!

Framifrå produkt

Norsk næringsliv og norske produkt har generelt eit god omdømme i sambafotballen sitt heimland, noko som også er viktig å fremje for den norske ambassadøren i Brasil.

Då ambassadør Odd Magne Ruud i Brasil held mottaking for over 300 gjestar var det derfor klippfisk, Legacy of the Fjords frå Hyen, batteri-ferjer, norsk marin og maritim teknologi, fersk laks, reiseliv og andre framifrå produkt frå næringslivet vårt som blei vist på storskjermane.

Og lurer du på kva som stod på menyen? Eit utal variantar av «da Noruega», sjølvsagt.