I vår skreiv eg i Fiskeribladet om vanskane næringslivet i heile landet har med å skaffe seg arbeidskraft, og kva vi må gjere for å møte desse utfordringane.

Fiskeria har òg vanskar med å få tak i kompetent arbeidskraft, men er det samtidig i ferd med å skje noko svært positivt? Er fiskaryrket rett og slett blitt eit meir attraktivt og sexy yrke for unge folk? Kanskje. Eg meiner i alle fall å kunne sjå nokre slike teikn, og tillèt meg derfor å skrive eit positiv, optimistisk – og sikkert litt ukritisk – innlegg om nettopp det.

Olve Grotle, fiskeripolitisk talsperson i Høgre Foto: Silje Helene Nilsen

Ein ny kvardag

Men før eg kjem inn på dette, vil eg gjerne gå over 50 år tilbake. I 1968 fekk far min bygd «MS Grotle». Båten blei bygd i Uskedalen i Hardanger, kosta over 1 million kroner, og var den første moderne linebåten i Bremanger kommune. Båten dreiv mellom anna fiske etter lange og brosme på Rockall, pigghå ved Shetland, og torsk på Røstbanken. Som nybygg representerte «Grotle» òg ein ny kvardag for mannskap, både når det gjaldt velferd og arbeidsforhold. Dei neste tiåra gjennomgjekk linebåten fleire store ombyggingar, noko som gav båten ytterlegare løft som arbeidsplass. Det same fann òg stad med heile fiskeflåten; modernisering, og stadig nye og større båtar som kunne gi endå betre arbeidsforhold om bord.

Trass ein stadig meir moderne fiskeriflåte og – i alle fall i periodar – gode inntekter, tapte fiskaryrket likevel ofte konkurransen med andre yrke nå det kom til rekruttering. Ja, kanskje kunne det til og med vere fiskarane sjølve som gav unge råd om at det var betre å satse på gode og trygge jobbar på land, framfor hardt slit på sjøen langt borte frå familie og venner. Etter mitt syn fekk fiskaryrket på 70- og 80-talet eit slags omdømmeproblem, som i alle fall i noko grad har blitt hengande med yrket.

Unge fiskarar

Men nå meiner eg altså å ha sett ei meir positiv haldning til fiskaryrket. Dette gjeld ikkje minst yngre fiskarar. Ei side ved dette er at talet på fiskarar i alderen 20–29 år har auka med 345 dei siste sju åra. Ei anna side er måten fleire av desse yngre fiskarane greier å omtale og formidle fiskeri og fiskaryrket på. Sjekk ut Bejamin Bakke (Fisherbenny) og Øyvind Hesjevik på TikTok, så skjønnar du kva eg meiner. Begge desse har fleire millionar av følgjarar som får informative, unike og humørfylte innblikk i livet som fiskar. Verdien dette har når det gjeld til å skape positiv blest om yrket og rekruttere unge fiskarar, kan ikkje overvurderast.

Og det skjer fleire positive og spennande ting når det gjeld god omdømmebygging for fiskeria våre. Tidleg i juni besøkte eg NCE Blue Legasea i Ålesund, kor Janita Arhaug er prosjektleiar for fiskeri. Den tidlegare fiskaren og rådgivaren i Fiskarlaget har arbeidd mykje med rekruttering og kompetanseutvikling, og kunne fortelje om fleire prosjekt for å gjere fiskaryrket meir kjent og attraktivt. Fellesarrangement (Fiskarkveld) med fagleg og sosialt innhald for fiskarar frå distriktet og tilreisande, og bransjetur til Barcelona for å lære meir om marknaden, var noko av det eg fekk høyre.

Svært gledeleg

Det offentlege må òg vere med. Og etter at regjeringa gav etter for politisk press og måtte gjere Gamvik-ordninga nasjonal, ser vi nå resultatet. Heile 10 kommunar søkte og fekk støtte til prosjekt kor ungdom mellom 12 og 25 år kan få hauste erfaringar frå fiskaryrket. Det har gjort at over 100 ungdommar har fått prøvd seg som fiskarar i sommar. Når det så gjeld ungdomsfiske-ordninga, var det tidleg i juli 466 unge som hadde registrert seg, og av desse heile 163 jenter. Men tanke på at det på landsbasis berre er rundt tre prosent kvinnelege fiskarar, er dette svært gledeleg.

Ein del av forklaringa på at fiskaryrket ser ut til å ha blitt meir attraktiv, skuldast nok at fiskeriflåten har blitt endå betre arbeidsplassar, med sikre og velordna arbeidsforhold, og svært gode (og full fortente) lønningar. Dette forklarar likevel ikkje alt. Eg synest å sjå noko meir. Kanskje til og med noko som er meir i tidsånda vi lever i. Noko fiskarane alltid har kjent på, og som fleire nå ønskjer å ta del i: Dei sterke opplevingane av å arbeide og å vere på sjø og hav. Kjenne sjølukta, den friske vinden og fridomen (gjerne i eigen sjark). Og bak det igjen: Den heilt nedarva gleda vi har av å fiske og fangste. Det oppeldande synet av garn, line eller trål fulle av fisk, eller teiner med krabber eller hummar.

Det siste får meg til å vende tilbake til Bremanger, og vintertorsk-fiske på Bremangerpollen midt på 1980-talet. Innsiget av vintertorsk gjorde at det nokre veker kunne bli reine Klondyke-stemninga på den vesle fjorden, noko som fekk fleire utflytta ungdommar til å vende heim nokre veker. Slik òg med ein ung juss-student frå Bergen, som aldri har gløymt det herlege synet av garn så fulle av flott torsk at dei flotna opp! Med det bildet på netthinna er det heller ikkje så vanskeleg å forstå at fiskaryrket må vere noko av det mest givande, attraktive og sexy ein kan tenke seg.